torsdag 30. juli 2015

Ny blogg og klar for utreise

Då er dagen snart komen då eg skal reise til Etiopia. Eg lagar denne bloggen for dei som måtte vere interessert i å følge med på kva eg gjer på dei neste to åra i Etiopia. Eg skal prøve å vere flink å skrive oppdateringar iløpet av den tida.


Sommaren i Norge er snart over for i år, iallefall for min del, men ein ny sommar ventar meg vel i Etiopia. Sommaren har vore både travel og veldig kjekk. Eg har fått gjort mykje og truffet både familie og venner rundt omkring. Eg har sett stor pris på både nye og gamle kjente som tenkjer på meg og ber for meg. Det er trygt å kjenne at eg har ein stor gjeng i ryggen når eg no skal ut på denne reisa åleine. Eg har blitt presentert på regionsårsmøtet på Valderøya og fekk ein eigen utreisefest på Rjåneset. Det var veldig kjekt at Rjåneset var fullpakka med både kjente og ukjente. Der var og ein av familiane som eg skal vere saman med i Hawassa, med to av mine kommande elevar, det var veldig kjekt å treffe dei.



I morgon tidleg går turen til Fjellhaug der eg skal vere i 9 dagar på misjonærforberedande kurs, før eg sett kursen sørover 9. aug. Det blir kjekt å treffe andre som óg skal reise ut no, og dei andre som skal til Etiopia saman med meg.