søndag 30. august 2015

Første veka i Hawassa er over!

Då er første veka i Hawassa over, og det har vore ei innhaldsrik veke. Vi har hatt skulestart her i nabohuset mitt, og det har vore ei travel, men kjekk veke. Rett etter skulen har vi fått middag med alle dei fire forskjellige familiane her kvar dag, og óg vore ute å ete nokre kveldar. Veldig kjekt å bli betre kjent med alle dei andre misjonærane her. Vi har blitt tatt veldig godt imot iallefall :)

Her er vi ute på ein restaurant i byen, ved Hawassa-sjøen. 

På vegen mellom ferieplassen og Tabor, skulevegen til elevane.

Det er veldig fint her på ferieplassen, med utsikt over sjøen.

Marekattane spring rundt her nesten heile tida.

Her er óg massevis av disse stilige fuglane her.

Her er leilegheita mi, til venstre, til høgre bor Kåre og Trine.

Og dette er skulestova vår, 5 meter frå mi leilegheit.

Utsikta frå leilegheita mi :)

Enda meir av ferieplassen. Den blå porten i det fjerne er vegen ut av tomta vår.

Her forberedar eg meg til undervisning på klasserommet mitt :)

Her er vi, alle dei nye, på middag/lunsj hos Salomon og Nora.

God stemning er det iallfall her!

I går var ein spennande dag her i Hawassa. Då hadde vi fint besøk frå myndigheitene i Etiopia. Dei skal bestemme om vi får arbeidstillatelse eller ikkje, og derfor ønska dei å sjå på skulen vår. Besøket vil vere avgjerande for om vi får arbeidstillatelse eller ikkje. Vi fikk inntrykk av at det vart eit positivt besøk og at dei mennene som var her var positive både til skulen og til å gi oss arbeidstillatelse. Men be gjerne om at det må ordne seg.

I dag har vi berre slappa av og kost oss, eg var med til eit hotell i utkanten av byen her, Haile, der dei har svømmebasseng som vi kunne bade i. Deilig å endelig få ein dag der eg berre kunne slappe av og slapp å tenke på skulearbeid. Litt raud har eg blitt etter dagen óg ;)

søndag 23. august 2015

Endelig framme i Hawassa!

Då har eg kome fram til Hawassa, og endelig fått begynne flytte alle tinga mine inn i den nye leilegheita mi på ferieplassen, der eg skal bo dei neste to åra. Det er kjekt å endeleg ha kome fram og vite at eg kunne pakke ut av kofferten. Turen i går gikk veldig fint, og det var kjekt å sjå litt meir av landet. Det er utruleg grønt og fint her no i regntida. Eg satt på med Ragnhild og jentene hinna, og eg fekk òg prøvd å køyre eit stykke av vegen. Det var min første køyretur her, så det var kjekt, sjølv om det var utfordrande og kravde all merksemd pga alle dyreflokkar, bilar, bajaj (trehjulsdrosjer) og folk som kryssa vegen overalt utan å eigentleg sjå seg rundt først. Mange skumle forbikøyringar òg, men vi kom oss vel fram. Asle og Kari som bur her på tomta tok veldig godt imot oss, med nybakte rundstykker og ein guida tur rundt på området. Vi var òg ute på ein restaurant i byen i går kveld og åt pizza. I dag har vi fått slappa litt av, og så var vi ute på ein anna restaurant og åt lunsj saman med Kari, Asle og Hanna (ein dansk misjonær som er her på ferieplassen).

Det er fint og grønt her i Etiopia no!

Vi køyrde Express way eit stykke etter at vi kom ut ifrå Addis. Heilt ny og utruleg fin veg. 

Vi køyrde ei karavane med fire bilar (tre av dei er med på biletet) og 15 store og små var med. Alle som bur i Hawassa, men som var i Addis denne veka køyrde ilag nedover.

Vi stoppa på Haile hotel i Swoy der vi åt lunsj på vegen.

Det er både esel g hestekjerrer som køyrer som taxi her i Etiopia. Her er vi i Swoy.

Slik såg vegen ut mesteparten av turen mellom Addis og Hawassa.


Ting er litt uvant no i starten, ikkje heilt same standarden som vi har i Norge på ting, pluss at eg har fått ei heilt nyoppussa leilegheit. Ingenting har vore testa ut på førehand. Straumen eg får er fordelt på mi, Therese og Kåre og Trine si leilegheit, og det er ikkje nok straum til alle. Det betyr at varmtvasstanken, og komfyren ikkje kan brukast på same tid, at vi kanskje ikkje kan bruke komfyrane på same tid, og at vi må vente med å bruke vasskokar, vaffeljern, hårfønar og slike ting, til dei har fått på plass ei betre ordning med straum til oss. Dusjen er òg uvant, dersom eg vil ha varmt vatn så har eg ikkje noko trykk, og det er umulig å få all sjampoen ut av håret, men viss eg tek kaldt vatn då har eg mykje trykk. Det er òg uvant å måtte sove med myggnetting. Så det er mykje eg må venne meg til, men det skal nok gå veldig bra. Elles er ferieplassen utruleg fint, og det er mykje spennande dyr og lyda rundt omkring her. Hyenen bur like utanfor tomta, so dei kan høyrast av og til, medan fuglar, apekattar, froskar, esel og mykje anna lagar lydar heile tida. Eg filma litt i går kveld for å prøve å få med alle lydane rundt her. Dessverre så var det ingen hyener her då, og kjøleskapet lagar litt støy i bakgrunnene. Kl. 19 går sola ned her, og då blir det svart med ein gong, derfor går det ikkje an å sjå noko på filmen.


I morgon er det skulestart her i Hawassa, så det blir veldig spennande. Be gjerne for skulen her i Hawassa, både vi nye lærerane og for alle elevane. Be om at alt må gå bra og at eg kan få bety noko for dei norske og danske elevane her!

torsdag 20. august 2015

Den første veka i Etiopia er snart over, på laurdag er det vidare mot Hawassa

Då har eg allereie vore i Etiopia i 6 dagar, og det har skjedd mykje. Laurdag, første dagen, gikk med til informasjon om skulen og korleis ting har fungert der. Søndagen var vi på internasjonal gudsteneste i ei Amerikansk Baptistkyrkje. Der var det mange folk og frå ulike nasjonalitetar. Etter gudstenesta var vi på Restaurant og åt injerra og wott. Det er utruleg godt! Så var det tilbake til NLM tomta der det var velkomstsamling for alle oss nye misjonærane som har kome ut no. Veldig kjekt å helse på alle som har vore her i Addis. Eg har blitt veldig godt tatt imot og det er mange trivelege misjonærar og nasjonale som jobbar for NLM her i Etiopia.

Litt av byen Addis (frå bilvindauget)

Den internasjonale kyrkja


Etiopisk restaurant

Injerra (lefsa) og wott (sausen)

På måndag var det skulestart for DDNS her i Addis. Då var alle dei 6 norske elevane og lærarar og foreldre samla på skulen her på NLM-tomta. Kari og Dagrunn som har vore lærarar på DDNS til no hadde ansvar for undervisninga denne dagen, sidan vi tre nye lærarane ikkje hadde fått nok tid til å forberede oss til denne dagen. Det var veldig kjekt å få vere med alle elevane på skulen og få vere med i undervisninga den dagen. 5 av elevane bur i Hawassa og vi skal vere lærar for dei der. Den siste eleven skal gå på Bingham Academy (internasjonal skule) her i Addis. Resten av veka har alle dei norske elevane vore med på Bingham i undervisninga der. Eg har vore med dei tysdag og onsdag. Det har vore interessant å sjå korleis andre skular gjer det òg. Utanom dette har eg prøvd å få inn litt planlegging til neste veke. Men det har vore longe dagar og tidleg i seng, så det har nok ikkje vore så mykje planlegging som eg hadde håpa på disse dagane. Vi har vore invitert på både lunsj og kveldsmat til dei ulike misjonærane, og det har vore felles middag her på gjestehuset for alle saman.

To av "mine" elevar leikar seg på leikeplassen på Bingham.

Det har regna og hagla utruleg mykje disse dagane, og her er vegen oversvømt på veg heim med skulebussen frå Bingham.

I dag har eg fått kjenne på tolmodigheten og kva folk meiner med at ting tar tid i Afrika. Kl 8 i dag for eg og Therese med Aklilu som jobbar for NLM for å ordne med etiopisk førarkort. Der signerte vi på eit skjema som Aklilu hadde fylt ut for oss (det stod sjølvsagt berre på amharisk) før vi måtte vise oss for dama i skranken, slik at ho kunne sjå at vi var ekte folk. Deretter var det å vente eit par timar kanskje før vi kunne køyre tilbake til NLM, utan førarkort så klart. Trine og Kåre, som hadde vore gjennom same prosedyren i går, fekk sine førarkort i dag, mens vi som var der i dag skal få dei i morgon. Vi slepp heldigvis å vere med ein gong til i morgon.

Eg og Therese ventar på kontoret der vi skal få førarkort.


Så etter ein god lunsj hos Dagrunn var det tid for å hente storbagasjen min som har stått på lageret på Cargo ved sidan av flyplassen sidan 9. aug. Eg måtte sjølvsagt vere med sjølv fordi det var mitt namn som stod på bagasjen. Eg reiste ut saman med Ruth i 2-tida i dag. Først vart vi stoppa av ein politivakt utanfor cargo, han meinte at Ruth ikkje fekk lov å komme inn og at eg måtte gå inn åleine. Heldigvis sa Ruth at det ikkje var aktuelt så då fekk ho lov å bli med likevel. Og det er eg jammen glad for. Eg hadde nok ikkje kunne klart å komme meg gjennom alle skjema, køer og amharisk-talande folk som eg måtte snakke med utan ho. Det viste seg å ikkje vere så lett å få bagasjen min, som eg kanskje hadde trudd då eg sende han frå Norge. 6 timar etter var det godt å ha fått bagasjen med meg tilbake til NLM. Då hadde den vore gjennom røntgenscanning, uttallige flyttingar fram og tilbake, fordi den bagasjen som stod bak skulle ut først og den måtte pakkast ut og inn igjen slik at dei kunne sjå at eg ikkje tok med meg noko farleg inn i landet. Eg har opplevd korleis det er å stå i timesvis å vente på noko, samtidig som eg stadig vekk prøvde å unngå å bli gått ned av folk eller køyrt på av dei som køyrde rundt med trallene som bagasjen stod på. Fullt kaos! Eg har måtta ta ut den eine linsa framfor mange nysgjerrige etioperar, for å forklare kva linsevæska var for noko. Det hadde dei aldri sett før! Eg har òg fått mitt første frieri frå ein etioper, så noko godt har kome ut av denne dagen òg ;) Då vi endeleg kom tilbake med bagasjen var det veldig godt med injerra og is og kaffi etterpå.

Eg fekk bagasjen til slutt.

I morgon er det meir planlegging på skulen, lærarmøte og siste handletur, før vi snur kursen vidare mot Hawassa. Det blir godt å komme dit å kunne flytte inn i leilegheita der eg skal bo dei neste to åra.

lørdag 15. august 2015

Vel framme i Addis Ababa

Då har vi komt oss til Addis Ababa. Turen hit gikk veldig greit, men flyet frå Oslo var litt forsinka så vi hadde ikkje meir tid i Istanbul enn nødvendig for å komme oss til gaten vidare mot Addis. Alt med visum og pass gikk heilt greit, og vi vart tatt godt imot av Ruth, som venta på oss på flyplassen her. Etter litt nattmat med knekkebrød og te på gjestehuset til NLM, var det godt å få lagt seg. I dag har vi hatt ein lang dag med mykje inntrykk og informasjon om Den desentraliserte norske skolen (DDNS), der eg skal jobbe. Så det blir ein tidlig kveld i kveld. Meir oppdatering og bileter frå dei første dagane kjem etterkvart.

fredag 14. august 2015

1 time til avreise

Då er siste dag i Norge snart over, no blir det iallefall eit år til neste gong eg går på norsk jord. Rart å seie hadet til alle her heime, men no står ein ny epoke for døra. Eg er spent og kjenner på sommarfuglane! Men det blir også godt å endeleg få lande i Etiopia, no har eg venta lenge på det. Blir spennande å sjå korleis det er der og eg gledar meg til å bli bedre kjent med elevane mine og alle dei andre i Etiopia.

Dei siste dagane i Oslo blei brukt til å vere turistar. Eg, Kåre og Trine var på øyhopping i Oslofjorden på onsdag, og vi hadde med engongsgrill og grillmat og nytte fineveret. I går gikk dagen med til siste pakking og berre avslapping på Fjellhaug.








Takk for no Norge, so snakkast vi om eit år eller to :) Neste oppdatering blir frå Etiopia!

mandag 10. august 2015

Bønnesvar

Då fekk vi bønnesvar :) Visumet er klart, og det betyr at vi får reise på fredag! HURRA! Då vart eg jammen 10 kilo lettare. Då kan eg berre nyte dei siste dagane i Oslo, utan å tenkje meir på det.

Misjonærforberedandekurs og uventa feriedagar i Oslo

Då er misjonærforberedandekurset over, det begynte fredag 31. juli og vart avslutta no på laurdag 8. august. Det har vore veldig innhaldsrike og interessante dagar, med mykje spennande og relevante forelesningar og undervisningsøkter. Eg har lært mykje som eg trur vil vere til hjelp i møte med ein ny kultur og i misjonærfelleskapet i Etiopia. Det har òg vore longe og travle dagar, og det kjennast på kroppen. Eg har òg vore so heldig at eg har fått helse på nye og gamle misjonærar som no enten har reist, eller er på veg ut til misjonsfelt over heile verda. Utruleg spennande og kjekt å høyre kor dei andre skal, og kva oppgåver dei skal inn i. Eg har òg fått møte igjen gamle kjente frå året mitt i Mongolia og det har eg satt utruleg stor pris på. Det har vore slitsomme, men utruleg kjekke dagar her på Fjellhaug i saman med alle desse flotte folka!

Etter planen skulle eg, Kåre og Trine allereie ha ankomt Addis Ababa natt til i dag. Men på grunn av uforutsette problem med visum har vi måtta utsette utreisa vår til fredag 14. august. Derfor fekk vi no nokre ekstra feriedagar her i Oslo, medan vi ventar på at visuma skal bli klare slik at vi kan få komt oss til Addis før skulestart. Dette håpar, og satsar, vi på går i orden, men be gjerne om at det skal ordne seg! Eg brukar dei ekstra dagane til å treffe igjen vennar og slekt som er i Oslo-området, og så blir det vel kanskje litt sightseeing og andre aktivitetar her seinare i veka.

I går fekk eg treffe igjen Tiril som eg har vore så heldig å få bo saman med i Trondheim dei siste 5 åra. Kjekt å henge med ho ein siste gong før eg reiser. I dag skal eg treffe Ida og i morgon Cecilie, og det blir veldig kjekt.