mandag 14. september 2015

Livet i Etiopia

Mykje har skjedd sidan sist. Forrige helg fekk eg og Therese være med Jeanette, Christian, Elisabeth og Ruth til Langano. Det var ein utruleg fin tur! Vi bada og sola oss, og fikk slappa av. Langano ligge 1,5 time nord for Hawassa, og Langanosjøen er den einaste innsjøen her der vi kan bade utan at det er fare for parasittar i vatnet. Her er nokre bilder frå turen dit. Eg er ikkje så ivrig på å ta bilder som eg kanskje burde vere, så derfor er det ikkje så mykje folk med på bildene mine dinne gongen.

Utsikta over Langanosjøen, sett frå verandaen på sommerhuset vi bodde i.

Deilig å sitte på stranda og sole seg, og bade heile dagen :) Eller det vil sei, eg sola meg kanskje en time, og så satt eg i skyggen resten av dagen..

Etter det vart mørkt satte vi på solcellelampen (straumen var so klart ikkje der) og så spelte vi partners. Eg og Therese vant 2 av 3, så det er vi godt fornøgde med!

Myggnetting er viktig om natta, her er eg og Therese inni kvart vårt telt.

Ellers går livet sin gong her i Etiopia, og det begynne å ligne på ein kvardag no. Det blir ein del jobbing på skulen, men òg ein god del andre ting, som f.eks. sightseeing i byen, prøve å få handla inn det ein skal ha (det er ikkje så lett å finne alt alltid) og til speling og sosiale ting.

Her er alle dei flotte elevane våre samla til morgensamling :)

Therese arbeider på skulen. Ikkje dei beste arbeidsplassane, men det går an.

Det er monge artige fugla som går rundt her, ditte er berre ein av monge.

Når straumen går og det er kolmørkt ute, so fe stearinlys gjere nytten.

For to veker sidan hadde vi middag ilag med alle vaktene og dei andre som jobbar her på ferieplassen. Dei hadde kjøpt inn ei geit nokre dagar før, som gjekk rundt på området her og beita. Same dagen slakta dei ho og så laga hushjelpene middag til oss av det, injerra og geitewott. Det var kjekt å få ei anledning til å helse på alle vaktene og dei andre som jobbar her, sjølv om kommunikasjonen er litt vanskelig.

Hanna lagar etiopisk kaffe (bonna) til oss, den er sterk, men veldig god. Etioperane har ein heil seremoni når dei lagar kaffe. Den inkluderar blant anna at ein skal tenne røykelse før ein serverer kaffeen.

Forrige veke hadde Elisabeth bursdag, så på fredag var det storfeiring for ho her på ferieplassen. Kjekt å få feire ilag med alle sammen. Her har dei jungelløp.

På laurdag fann vi (Trine, Kåre, Therese og eg) ut at vi hadde lyst å utforske Hawassa og område rundt litt, så vi tok bilen og køyrde litt rundt ei stund. På veg ut av byen såg vi at der var noke som rørte seg i vatnet, og vi visste at det var flodhestar i nærleiken. Derfor stoppa vi og så stod vi lenge å studerte vatnet, for å sjå om det var noken flodhestar der. I begynnelsen såg vi nesten ingenting, men så etterkvart begynte dei å bevege seg litt. Eg tok masse masse bilder, i håp om at eg skulle få bilde av eit flodhestgap, og det lønte seg. Veldig stilig å sjå kor dei ligg lenge lenge under vatn, og berre nasebora stikk opp av vatnet ein gong i mellom.

Når flodhestane må på do so stikk dei rompa opp i været og ut frå vatnet, og så spreier dei møkka med halen. Dei er snodige syr disse flodhestane.

Men det var ikkje berre vi utlendingane som syntes det var gøy med flodhestar, det var monge andre òg som var samla der på brua, og fulgte med på dei. Både små og store syns det var spennande.

Uansett kor vi går så blir vi lagt merke til. Unga (og av og til voksne) ropa "ferendj" (utlending) til oss når vi går forbi. Dei vil gjerne ta borti oss og snakke med oss, sjølv om dei ikkje akkurat kan so masse engelsk. "You, you, you" ropa dei til oss når vi går forbi. "hello, one birr" (birr=etiopisk valuta). Det kan vere litt slitsomt til tider, men det kan no også vere litt stas med oppmerksomheita.
Disse ungane syns det var ekstra stas med kameraet mitt, og ville bli tatt bilde av. Problemet var at når ej rygga for å prøve å få med mej alle, så fulgte dei etter, slik at dei nesten var heilt oppi kameraet mitt. Ekstra stas var det for dei når dei fikk sjå bilde av seg sjølv etterpå. Men ein ting har vi lært alle fire trur eg. Ikkje del ut godteri til ein skokk med etiopiske unga, med mindre du har lyst til å bli rent ned og overkjørt. Dei likte godteriet, men kanskje ikkje så veldig høflige alle sammen.

Det er nok meir eg kunne fortalt om, men no er klokka snart 22.30, og det betyr at eg skulle ha vore i seng for ein time sidan i hvert fall, så dette får vere alt for dinne gong.

fredag 4. september 2015

Skulen har fått lisens :)

Då har vi fått bekrefta at skulen har fått lisens og godkjenning. Det betyr at vi får arbeidstillatelse gjennom skulen, og at vi får lov å bli her lenger enn visumperioden :)

Takk Gud for at han har ordna det slik! No kan vi puste letta ut alle sammen, og foreldrene kan få konsentrere seg om misjonsarbeidet. Det er no derfor vi er her :)

I helga får eg og Therese lov å vere med den danske familien her til Langano. Det er ein fin innsjø der vi kan bade og slappa av, og den ligg visst i eit flott område. Det blir deilig å komme dit og slappe av ei helg, og kjekt å få sjå litt meir av landet.