torsdag 23. juni 2016

Avslutning og avskjeder

No har det dessverre gått 6 mnd sidan sist eg la ut noke her, og det har skjedd ganske mykje sidan jul, men det blir eit litt for longt innlegg å skrive om alt no, så no får de ei oppdatering om det som har skjedd dei siste vekene her.

Etter kjekke besøk frå Norge før og i påska, har eg vore 6 veker i Addis Abeba for å lære meg Amharisk. Det var veldig spennande å lære amharisk og eg vart kjent med mange flotte folk frå heile verda. Men eg klarte å lære ein del amharisk, iallefall ein del kvardagsspråk, og det er godt å kjenne at eg kan litt meir no enn då eg kom iallefall. Men utfordringa no er å bruke amharisk. Eg kan snakke litt med hushjelpa, men ellers er det fortsatt mest dei andre misjonærane eg snakkar med, og då er det som regel ikkje amharisk eg brukar. Eg håpar eg får meir nytte av språket seinare.

Ellers er det no ei tid for avskjed her i Etiopia og i misjonærfelleskapet. Noken reiser på ferie og noken reise for godt og flyttar til Danmark og Norge. Nokre har allereie reist og nokre reiser i slutten av denne veka. Så dei siste vekene har vore prega av avskjedsfestar, folk som pakkar og skal reise av gårde. Skulen vart avslutta forrige veke med grilling på ferieplassen på torsdag og avslutningstur til Langano på fredag (10. juni). Vår danske elev skal flytte til Danmark no, og med ho reiser også Therese, så til hausten blir vi berre 4 elevar og 2 lærerar igjen. Vi hadde ei fin avslutningsveke på tross av at den vart litt amputert med ein del sjukdom. Therese var sjuk med amøbe dei første dagane, ein av elevane hadde feber nokre dagar og dei siste dagane hadde Kåre lungebetennelse. Heldigvis kunne Trine steppe inn og være med når det var nødvendig, og foreldrene var også med å hjalp til. Her kjem litt bilder frå dei siste vekene.

Her er klassa mi frå språkskulen. Kjekt å bli kjent med folk frå India, USA, Tyskland, Botswana og Etiopia.

I år gikk eg glipp av 17. mai feiringa i Hawassa, men eg hadde ei fin feiring i Addis. Først flaggheising kl 7.00 på NLM tomta, og så feiring i tepausen på språkskulen med kaffi og kake, og tilslutt feiring på den norske ambassadørens residens med 17. mai tale, tog og leiker for dei barn og voksne som hadde lyst til det.

Den 28. mai feira Jeanette og Christian kobberbryllup (12,5 år), som tydeligvis er en stor ting i Danmark. Det var veldig fint å få lov å være med å feire det.

For et par veke sida var eg på tur med Nora, Therese, Moses, Darara og Elisabeth til ein flamingosjø som ligger 1,5 times kjøring frå Hawassa. På innsjen var det mange flotte rosa flamingoer.

Ein guide tok oss med ned til sjøen der vi fikk sjå litt nærmare på flamingoane og dei varme kildene som låg rett ved sjøen. Som vanlig fikk vi med oss ein flokk med unga som fulgte etter oss.


Her er eit bilde frå Langanoturen vi hadde som avlsutning på skuleåret. Dei tyske elevane var også med oss. Her har vi sandslottkonkurranse på stranda. Vi hadde óg skattejakt, grilling og masse bading. Så det vart ein veldig fin avslutningstur. 

Forrige torsdag var eg og Therese på ein siste tur ilag til nasjonalparken i Langano. Der er kanskje ikkje så mange ville dyr i Etiopia som i Kenya og andre afrikanske land, men eg syns likevel det var kult nok å sjå villsvin (Pumba) og struts som dei hadde der.


Det var veldig fint å få ein tur med Therese no før ho reiser.
VI var óg ved varme kilder her og det var veldig kult å sjå at vatnet kokte og bobla rett opp frå jorda. Her kunne ein koke egg viss ein ville det, eller anna mat, som dei ofte gjer dei som bur i området her.
På laurdag var eg og Therese heime på lunsj hos Asine og familien, slik at dei kunne ta avskjed med Therese då. Asine har vore hushjelpa til meg og Therese no det siste året. Det var veldig koselig. 
I Hawassa så har vi alltid felles lunsj kvar søndag der vi går ut på ein restaurant i byen og et lunsj der etter kirka. På søndag var vi på Tadesse Enjory og åt lunsj.

Her er avskjedskommitéen då vi kjørte med Therese til Addis no på mandag. Ho reiser tilbake til Danmark på søndag, så då er det fint å få være siste veka saman med ho her i Addis.

Så no er eg i Addis igjen, men skal reise ned til Hawassa igjen på laurdag. På søndag er Kåre 50 år så då blir det storfeiring på ferieplassen. 5. juli reiser eg på ferie, først til USA i bryllup og så til Norge. Eg gledar meg veldig til å treffe igjen familie og venner.