lørdag 31. oktober 2015

Det vandrande folket

For ei veke sida kom eg til Addis Ababa etter ein fantastisk tur sørover til Sør-Omo. Eg, Therese, Trine, Kåre, Jeanette, Christian og Elisabeth kjørte fredag etter skulen, den 16. oktober, til Arba Minch. Der overnatta vi dinne gongen på gjestehuset som NLM har der. Vi var ein liten tur innom bibelskulen som ligg på tomta, som Mekane Yesus kirka driv der. Tidlig laurdag kjørte vi vidare sørover og tok ein snartur innom Gisma, i Voitu-dalen, der Karsan og Fredrik Hector med barn bor og jobbar med bibeloversettelse til Samakko-språket. Der åt vi middag hos dei og fekk ein liten omvisning på misjonsstasjonen der, før vi kjørte vidare mot Jinka. Vi var i Jinka til mandagen og var med på gudstjeneste der på søndagen, før Hanna Rasmussen (ein dansk misjonær som bur i Jinka) tok oss (eg, Therese, Trine og Kåre) med vidare sørover til Omorate, som ligg nesten på grensa til Kenya. Der er det ein gamal misjonsstasjon, men det er ingen fastbuande som bur der no, men ein tidligare misjonær frå Island, Kalli, har vore der no i 3 mnd saman med to ungdomar. Så vi var der og besøkte dei, og fikk sett litt av det som er misjonsmarka vår heilt i sør. Der var vi ei natt før vi kjørte tilbake til Jinka. Vi var to netter til i Jinka før vi satte snuten nordover igjen. Vi overnatta ein dag til i Arba Minch, denne gongen på Paradise Lodge, og så var det siste stykke på 7 timar frå Arba Minch til Addis Ababa. Eg skal prøve å fylle inn litt fleire detaljar seinare om det mest interessante av det vi opplevde på turen seinare. Men eg vil aldri bli heilt ferdig viss eg skal fortelle om alt.

Det eg vil fortelle om no er alle dei menneska vi ser longs med vegen nesten uansett kor vi køyre. Dei fleste i dette landet som bur ute på landsbygda går og går og går, og bærer tunge byrder. Longt i frå alle byar og tettstader, så er det folk som er på vandring, og veldig monge bære óg tungt med vatn, mat, greiner og andre ting dei treng. Nokon er på veg til markedet for å få selge varene sine, noken er på veg heim i frå markedet, og noken er på veg heim i frå marka eller arbeidet sitt. Vi nordmenn kunne aldri komt på tanken å skulle bære alle disse tinga på ryggen eit så longt stykke, men her har dei ikkje noko valg. Men det er ikkje alle som bære, mennene, går som regel tomhendt, kanskje med ein stol eller eit våpen i handa. Her i Etiopia så er det kvinnene som bære, for er det ikkje det ein har koner til? Eg prøvde å ta litt bilder ut igjennom vinduet, men kvaliteten er litt varierande når ein sitter i ein bil i fart og vegen er humpete. Monge av desse stammefolka som lever i Sør-Omo har óg mykje av inntekta si ifrå turistar, ved å t.d. be om pengar for å bli tatt bilde av. Derfor var det monge av dei vi såg som kom springande etter bilen og ville ha penga frå oss, når dei såg at vi tok fram kameraet.




















Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett. Matt. 11,28-30.

Kast di bør på Herren, han vil sørgja for deg! Salme 55,23.

Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. Salme 23,4.

Lat meg få vandra i di sanning, lær meg, for du er Gud, min frelsar! Til deg set eg alltid mi von. Salme 25,5.

mandag 12. oktober 2015

Arba Minch del 3: Crocodile Market og Meskel-feiring

Etter vi hadde vore på skogstur åt vi lunsj på det dyraste hotellet i byen Paradise Lodge, før vi for vidare for å besøke krokodillene, pelikanane og flodhestane som bur i sjøen der, Lake Chamo.


Fantastisk fin panoramautsikt frå Paradise lodge. Etiopia er vakkert!

Deilig å ete lunsj etter nokre timar i skogen. Her er Therese, Trine og Kåre.

Det var deilig med båttur, heldigvis var det presenning over båten slik at vi fikk ly for den steikande sola. 

Her ser du to flodhesta stikke haude opp av vatnet. Dette var på veg ut til krokodillene. Etterpå såg vi rundt 10-12 fleire flodhesta som låg og slappa av i vatnet der. Heldigvis er det på kvelden/natta dei er mest farlige.

For dei med godt syn så ser dokke her to krokodillegap i det fjerne. Krokodillene lever naturlig i sjøen her, og her får dei rensa tennene sine av fugla som ete restane som ligg igjen der.

Her nærma vi oss der det var flest krokodiller. Du ser kanskje at der ligge monge svarte "tømmerstokka" ute i vatnet. Vel, eg kan fortelle deg at det ikkje er tømmerstokka, men krokodille. Eg klarte ikkje å telle kor monge det var vi møtte på, men det var monge. Det kvite du ser til venstre er pelikanar. Som tydeligvis ikkje er så veldig redde krokodillene, sjølv om dei svømme midt i mellom der.

Fleire av krokodillene kom veldig nærme båten (i nokre tilfelle litt vel nærme). Her ser du ei krokodille som eg sikkert kunne ha klappa dersom eg hadde følt for å gjere det. På dagtid ligger dei berre i sjøen og slappar av, og kjøler seg ned, så vi såg ikkje så veldig mykje av dei egentlig. Her og der kunne vi sjå ein hale eller eit haud som låg litt inne på land, for så å gli ut i vatnet igjen, men eller var det her det meste vi såg av dei. Men ei av krokodillen kom imot båten og så krasja ho med oss. Guiden meinte den ikkje hadde sett oss, men vi lure på om ho kan ha gjort det med vilje. Eg var iallefall litt redd for at den no skulle tippe oss over ende. Den krasja med oss og så svømte den og kava under båten, slik at båten vår for i ein sirkel, og den skubba oss ganske longt, før den klarte å komme seg ut igjen på andre sida. Litt vel nærme, sjølv om guiden vår meinte at krokodillene ikkje åt turista.

Her er pelikanane óg på nært hold. Her er det ein som har klart å fange ein fisk i nebbet.

Som sagt så var det Meskelfeiring i Etiopia, som er ein stor etiopisk ortodoks helligdag, nemlig at Dronning Saba fann Jesu sanne kors. Vi hadde lyst til å sjå litt nærmare på korleis dei feira denne store dagen. Historia fortel om at dronning bad til Gud om hjelp til å finne korset, og så fikk ho beskjed om å tenne eit bål, og dit røyken blåste dit skulle ho gå og så skulle ho finne korset. Derfor når dei feirar Meskel så tenner dei bål, og så heiter det at dit røyken bles skal det komme velsignelse. På søndagskvelden spurte vi oss lit fram om kor feiringa skulle være, og så fulgte vi folkemengda inn til ein plass der det var samla monge folk. Nesten alle hadde med seg ei grein til det store bålet. Alle damene var kledd i kvite sjal, og fine kjola, så derfor følte vi oss litt misplassert der vi kom i turkleda våre. I tillegg så vart alle ungane opptatt av oss i staden for feiringa, så etter at ein av vaktane kom for å passe på oss, og jage vekk ungane, følte vi at det egentlig var best at vi gikk. Så vi fikk ikkje med oss så veldig mykje av feiringa, men det var no kjekt å sjå likevel.

På mandagen var det tilbake til Hawassa, og tirsdag var det ein ny dag på skulen. Men det var alt for dinne gong.

Eg vil fortsatt anbefale alle å lese Kåre og Trine sin blogg, der er det ein god del fleire, og bedre, bilde enn det eg har: trineogkaareietiopia.blogg.no.

fredag 9. oktober 2015

Arba Minch del 2: Forty Springs

Det var på laurdagen at vi var til Dorze, og på laurdagskvelden åt vi middag på hotellet, og så spelte vi spel resten av kvelden. Vi vart også gode vennar med han som styrte restauranten, og hadde det veldig fint der, på Moira Heights Hotel. På søndagen, så vart vi anbefalt å ta ein tur i skogen, og sjekke ut Forty Springs, som Arba Minch har namnet sitt ifrå. Det tenkte vi var ein god idè. På laurdagen hadde vi bestilt oss guide og billetta til parken, og så på søndagen fikk vi med oss ein væpna vakt inn i skogen. Vakten var der slik at han kunne beskytte oss frå både ville dyr og slanga som måtte dukke opp, og eventuelle tyva eller andre folk som ville prøve å skade oss. Heldigvis slapp vi å møte noken av dei, men det var uansett spesielt å ha med seg ein vakt med gevær når vi gikk tur i skogen. Ikkje akkurat så vanlig i Norge. Men han fulgte godt med, og slapp oss ikkje ut av synet, så det kan vere at det var nødvendig å ha han med. Uansett så fikk han iallefall tjent seg noken birr (etiopisk valuta) frå turen.

Her er den flotte guiden vår som var med oss nesten heile dagen på søndagen. Veldig trivelig kar. Her er vi midt i Tarzan-land som dokke sikkert ser.

Eg måtte selfølgelig prøve meg som Tarzan eg og, så eg klatra opp i fleire tre og lianer når eg hadde mulighet til det.

Her går Kåre, guiden vår og Therese, dei har tydeligvis sett noko spennande oppe i trea. Det var nok av apa og fugla i skogen.

Her har vi komt fram til Forty Springs. Her hentar dei det meste av vatnet som går inn til byen i ei stor pumpe. I motsetning til alle andre vatn og elva eg har sett her i Etiopia så er ditte vatnet heilt klart. Eg smakte på det òg (guiden meinte at det var heilt trygt å drikke) og det smakte faktisk omtrent som norsk fjellvatn, men ej lot det vere med en liten slurk. Dette vatnet kjem opp frå grunnen, og er naturlege kjelder som forsyne byen med vatn heile året, uavhengig av regntid og tørketid, så det er ganske fantastisk med tanke på kor dårlig det er med reint drikkevatn her i dette landet. Men det er tydeligvis ikkje berre menneske som lika vatnet her. Det var monge monge små fiska også i det vatnet her. Så for dei med godt syn, så kan dokke såvidt skimte ein del fiska i bilde over.

Her tok guiden vår opp vatn i eit blad for å vise oss kor klart vatnet var. Veldig stilig!


Vi koste oss veldig på skogstur!

Her såg vi også bavianar på nært hold. Det var ein heil flokk som gjekk forbi oss når vi tok fram noken av bollane vi hadde med på turen. Her er det best å holde godt fast i maten!

Det var også ein del artige insekt på vegen. Disse her har tydeligvis funne ein skatt som dei skal ta med heim. 

Monge fine sommerfuglar var det òg på vegen. Dessverre så fikk vi ikkje bilde av alle dei ulike typane vi såg, sjølv om vi prøvde veldig hardt. Heldigvis klarte eg iallfall å bli venn med noken, som ville stå stille lenge nok til at eg kunne ta bilde av dei. 

Her sitt det óg ein sommarfugl, for dei som kan skimte han i gjørma.

Dette var ein veldig fin start på dagen. Men dagen var ikkje slutt enda. Følg med på neste oppdatering!

onsdag 7. oktober 2015

Arba Minch - del 1: Dorze.

No ligger eg litt etter med oppdateringer herifrå. Det er mykje som skjer for tida, og det er ikkje alltid eg får tid til å skrive så mykje. Men eg skal prøve å få med det viktigaste som har skjedd fram til no.
Forrige helg hadde vi longhelg, fordi det var Meskel på mandag den 28. september. Då feira dei at den etiopiske dronninga fann biter av Jesu kors - "the finding of the true cross". Eg skal skrive meir om feiringa seinare. Iallefall så ville vi bruke longhelga til å utforske litt meir av Etiopia.  Så derfor bestemte vi oss for å besøke Arba Minch og sjå kva den byen hadde å by på. Så då reiste Trine, Kåre, Therese og eg (alle ferskingane) til Arba Minch på fredagen etter skulen, og vi rakk akkurat å finne oss eit ledig hotell før det blei mørkt. Vi hadde nokre veldig fine dagar i der, vi fekk både sett krokodiller i sitt rette element, og vore på besøk til Forty springs, som er stedet der Arba Minch har navnet sitt i frå. Arba Minch betyr nemlig førti kilder, på amharisk. Vi var også å besøkte ein landsby, Dorze, ca 40 km nord for Arba Minch, dette hadde vi fått anbefalt både frå ein dansk misjonær som var på besøk i Hawassa, og frå dei som jobba på hotellet. Så det måtte vi sjekke ut. Dette var veldig spennande.

 Deilig å sitte på kanten av restauranten på hotellet og sjå på utsikta når vi sitte å ete frukost.

Her er vi i Dorze. Vi blei geleida rundt av ein lokal guide, og vi fikk besøke ein familie som budde der. Her snakka dei eit anna språk enn amharisk, eg huska ikkje kva det heiter, men det var Dorze-folket sitt stammespråk.

Mor (eller kanskje det var bestemor) i huset, satt å spann tråd, og vi fikk prøve oss. Det var ikkje så lett som det såg ut som når ho gjorde det. Og dei bruka ikkje akkurat en rokk heller. 

Mens damene spinna tråden, var det mennene si oppgåve å veve. Dette var ein spesialitet for Dorze-folket, og dei vevde sjal og tepper, og sikkert andre ting óg. Kåre fikk prøve å veve, men det var visst ikkje så lett det heller.

I alle "hagane" i Dorze var det falske bananplantar. Falske fordi dei ser ut som bananplanten, men det vokser ikkje bananar på dei. Men sjølv om dei ikkje gav bananar var disse likevel veldig viktige for den daglege kosten i Dorze. Dei plukkar av barken på trea, og tar bort alt "kjøttet" frå innsida av barken. Dette graver dei ned og så etter 3 mnd. eller meir så tar dei det opp igjen, og det er klart til å steikast og etast.

Her har ho tatt fram noke falsk banan som hadde lege i jorda i i hvertfall 3 mnd. Dette skulle vi få smake på. Først kutta ho det opp slik at det ikkje skulle vere nokon slintrar igjen i det, og så lagde ho ei lefse av det, og steikte det på bålet, mellom to store blader. Ikkje det beste eg har smakt, men når den vart servert med fersk lokal honning, så var det ikkje så aller værst likevel.

Etter vi hadde smakt på falsk banan-lefsa, så fekk vi også servert ein eller anna sterk drikk (sprit), dette var det ein seremoni rundt, og så var det berre å tømme shotteglaset. Så var det tid for musikk og dans på ekte Dorze-vis. Dei fant fram tromma, og kledde oss damene opp i kvite sjal rundt livet, og Kåre fekk et skjerf i svart, gult og kvitt. Så sang og dansa vi alle sammen til rytmene. Veldig artig. Etterpå måtte vi så klart kjøpe nokre av dei flotte sjala som dei hadde der.

Langs vegen ned frå Dorze var det mange som stod å solgte sine tepper og sjal.

Fantastisk fin utsikt var det óg i området.

Kåre har skrive meir omsjølve turen frå Hawassa til Arba Minch, så sjekk gjerne ut den bloggen, viss du er interessert i meir info om turen :)