mandag 14. desember 2015

Julebakst

Det her trudde eg eg la ut på søndag, så dokke får lese det som om det var på søndag, 13. des.
I dag har eg tatt fram krumkakejernet som låg igjen her etter nokre tidlegare misjonærar og så har eg laga mi favoritt julekake, strull.

Det var ikkje så lett og dei første vart ikkje så veldig fine, men etterkvart vart det heilt ok.

Her er resultatet av dagens bakst. Dei vart gode på smak, sjølv om dei ikkje heilt vart som mamma sine. Eg kan ikkje anna enn å seie at eg er takknemlig for at mamma har orka å lage disse til oss i alle år. Mine fingrar brenn iallefall fortsatt.

Her er eit skrytebilde av korleis kveldane her ofte ser ut.

tirsdag 8. desember 2015

Fleire glimt frå kvardagen

Her er vi rett utanfor porten inn til ferieplassen. Vi ser utover Hawassa-sjøen. Her er det alltid dyr som går og beiter og som nyt godt av vatnet i sjøen.

Like bortanfor ligg fiskemarkedet, her er det alltid folk tidlig på morgenen og utover dagen. Vi ser ofte gutar som står på små flåter rett utanfor ferieplassen, som står og fiskar.

Her er på vegen forbi fiskemarkedet. Bajajer, geiter, kuer, fugler og folk er alltid samla her.

Denne fuglen er det monge som kjenne, kanskje ikkje i virkeligheita, men iallefall frå bilde på Freia-sjokoladen. Marabo-storken. Den er ikkje fin, så kvifor noken vil putte den på en sjokolade, det forstår eg ikkje heilt. Iallefall kryr det av disse fuglane rundt oss og fiskemarkedet.

Her er vegen forbi fiskemarkedet og mot sentrum av Awasa.

Kari tok oss med på ein gåtur langs promendaen ved Hawassa-sjøen, og der var det virkelig koselig å gå. Fin allé mellom trea, oglenger borte låg det mange små kaféar der ein kan kjøpe kaffe.

I byen er det veldig mange slike bajajar, det er som regel ein overvekt av bajajar midt i byen, og det er ikkje alltid så lett å vite kva dei kjem til å gjere. Så når ein køyre rundt her er det berre å vere klar med fløyta og tute, dersom ein skulle finne på å skulle køyre ut rett framfor deg utan å sjå seg i speilet først. Og blinklysa kan ein ikkje stole på, sjølv om dei blinkar til venstre betyr ikkje det at dei skal svinge til venstre, det kan like gjerne bety at du kan køyre forbi på venstresida eller berre at dei har gløymt å skru det av. Det er óg ganske fasinerande korleis dei fraktar med seg ting. Som den bajaja rett framfor meg på bildet som har med seg ei madrass. Den har ikkje plass inne, og dei har heller ikkje noko tau å feste den med, så då er det så klart berre å holde fast i den slik at den ikkje sklir av.

Her er volleyballbana vår inne på ferieplassen. Her har vi brukt å spele volleyball nokon av misjonærane saman med nokon av studentane på Tabor, kvar onsdag. No har vi avslutta fordi eg og Nora tenkjer å starte opp eit damelag på Tabor i staden på onsdagar. Vi har første treninga i morgon, så det blir veldig spennande. Det skal vere heilt for nybegynnera og kun for jenter. Grunnen til det er at guttane ofte er litt dominerande på bana og slepp ikkje alltid jentene til. Dei har óg ein litt anna måte å spele på enn det eg er vant med, så eg lure litt på korleis det blir å trene eit lag her. Forhåpentligvis blir det ikkje alt for mykje kommunikasjonsproblem, men noko må eg nok regne med. Be gjerne om at det skal gå bra, og at vi må få til gøye treningar saman med studentane på Tabor.

Disse krabatane er stortsett faste innslag i løpet av dagen. Det er gjerne mange av dei og dei er overalt.

Dersom ein har noko ståande utanfor verandaen får dei iallefall ikkje stå i fred og ro, for apane leikar med det som er. Det hang eit stort stretsj-laken ute til tørk ein dag, og det brukte apane så klart til å svinge seg i, ei fin hengekøye for dei. Det var eigaren ikkje så veldig glad for. Viss du gløymer å lukke døra til verandaen, eller har vindauget litt ope, risikerer du å miste all frukt eller brød som måtte ligge der for apane er veldig raskt inne og stjel. Det er ikkje så festlig.

Dersom dokke ser godt etter så ser dokke ein del apar som er samla i bakken her.

Her er eg inne på skulen, og det er her eg sit å forberedar meg til undervisning. 

På morgonen er det ofte litt kaldt, eller i hvert fall kaldare enn vanlig, og då vil gjerne elevane sitte ute i sola og ete nista si, i staden for å sitte å fryse inne på verandaen der vi vanlegvis sit og et.

Her er nokre bilder frå gymmen saman med dei tyske og amerikanske. Vi held på med ballongleiken der ein skal prøve å sprekke dei andre sine ballongar før din eigen sprekk. Eg trur at det berre var ein av ballongane som sprakk fordi nokon andre klarte å sprekke den. Dei andre sprakk enten fordi dei trakka på sin eigen eller fordi plattingen under er så ru, at den sprakk ballongen. Så det var ikkje eit veldig vellykka prosjekt, men eg trur elevane hadde det gøy likevel.

Her har elevane sprunge 50 meter og ventar spent på å få høyre kor raskt dei har sprunge.

Enda eit bilde frå då vi holdt på med tante Knute.

Kvar gong nokon har bursdag, feirar vi dei litt på skulen óg ved å avslutte ti minutt før friminuttet og så ete kake, og så får bursdagsbarnet velge ein leik som alle må vere med på.


Her er frå ein annan bursdag på skulen.

Denne strekninga går vi ganske ofte, og elevane går her kvar dag, fram og tilbake frå skulen. Dette er strekninga mellom oss og Tabor, der dei andre misjonærane bur. Så dersom vi skal besøke dei er det her vi går. Her er det som regel ingen vind, kjempetørt, og steikande sol. Så eg vil tippe at det er nærmare 40 grader på den varmaste tida av dagen. Støvet legg seg overalt på kroppen, og det at Jesus vaska beina til disiplane gir meir meining her enn det gjorde i Norge. Her er beinvask nødvendig.

Her på verandaen min, i skyggen, ligg temperaturen på rundt 28 grader midt på dagen, og i sola er det nok over 30 grader. Så det er ganske varmt, det kjenner vi når eg har gym med dei to eldste i siste timen på tirsdagen, då sola steiker som mest.

Nå nærma det seg jul, og vi har allreie komt over 2. søndag i advent. Men det er ikkje så mykje her som minnar om advent og jul, vi skandinaviske har fått opp litt julepynt i husa våre, men ellers er det lite julestemning i byen. Det blir iallefall inga kvit jul på meg i år. Men eg har med meg Jul i Blåfjell, så då får eg sett snøen på skjermen, om ikkje anna.

Så veit eg at eg treng å bli minna på kva advent og jul eigentleg handlar om, og kven vi ventar på:

Men engelen sa til henne:
"Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.
Luk 2, 30-33

Med det vil eg ønske alle ei god adventstid!

søndag 6. desember 2015

Menigheitsinnvielse

Forrige søndag fikk vi vere med Temesgen på ein menigheitsinnvielse ca to timar frå Awasa. Temesgen har sagt kva plassen heiter, men det har eg gløymt igjen dessverre. Vi køyrde sørover og svingte til venstre, og så køyrte vi oppover i fjella eit godt stykke før vi på toppen fikk auge på menigheita som skulle bli innvia i Mekane Yesus kirka. Menigheita starta for to år sidan, men her er det slik at ein brukar menigheita som ein "preaching place", ein forkynnarstad, i to år før menigheita får status som ei sjølvstendig menigheit i Mekane Yesus kirka. Og det var denne innvielsen vi fikk vere med på.

Her er kirkehuset som den nye menigheita helde til i.

Her er publikummet, som nok var meir interessert i oss enn innvielsen.


Når vi tek fram kameraet så er det ikkje så vanskelige å be. Fotogene er dei iallefall disse etiopiske ungane.

Her ser dokke han i kvitt, sønnen til han var ein av dei første som starta opp i menigheita her, og han gav derfor sitt eige bolighus til menigheita, slik at dei kunne bruke det som kirke. 

Han reiv ned alle veggane og åpna opp slik at det blei eit kirkerom. Og så flytta han sjølv litt lenger bort og bygde ei ny hytte til seg sjølv.

Då vi kom fikk vi hedersplassane på ein av benkane. Ved sida av Kåre ser du Temesgen og ved sidea av han ein av prestane i Mekane Yesus kirka som har ansvar for denne menigheita.

Vi kom ei stund før det begynte så vi fikk med oss forberedelsane til gudstjenesta. Høgtalaranlegget bestod av ein høgtalar, eit keyboard, tre mikrofonar, ein forsterkar og eit bilbatteri. Straumen har enda ikkje funne vegen opp i disse fjella.
  
Her ser vi dei som var komt når vi kom. Gudstjenesta skulle vere ute for dei rekna ikkje med at det var plass til alle inne i huset. Dei fortalde oss at dagen før var ca 120 barn blitt døpt og lagt til i menigheita. Og menigheita hadde rundt 250 medlemmar.

Så kom det nokon få til, men det var ikkje så veldig mange fleire når gudstjenesta skulle starte.

Her er gudstjenesten i gong, og alt som presten seier på amharisk blir oversatt til sidaminja, som er språket dei snakkar her, i Sidamo regionen.

I løpet av gudstjenesta kom det fleire og fleire folk, og tilslutt var det stappfullt av både unge og gamle, menn og kvinner på bakken foran oss.

Her er det andre koret som stod for musikken under gudstjenesten.

Temesgen var med for å dele Guds ord denne dagen.

Her står menigheita for å få Guds velsignelse på slutten av gudstjenesten.

Til slutt måtte eg legge ved denne videoen av korleis vegane her kan sjå ut. Dette er på veg ned igjen frå fjellet, på veg heim til Awasa. Her er det godt å kunne koble til 4-hjulsstrekk.

Det var interessant å få være med å sjå ein innvielse av ei ny menigheit. Sjølv om det for oss skandinaviske kanskje trakk litt ut i det vide og det breide (gudstjenesten varte i ca 3 timar), spesielt sidan vi ikkje kunne forstå noko, verken av det amhariske eller det som vart oversett til Sidaminja, er det fint å sjå at kirka veks. Det er spesielt å tenke på at norske misjonærar både noværande og tidlegare misjonærar har vore ein del av bevegelsen som har gjort at disse menneska oppi i fjella her i Etiopia har fått møte Jesus og kan få høyre han til. Det er derfor vi er her, slik at nye menneske og folkeslag kan få eit møte med den eine Gud som har makt til å frelse verden. 

Då steig Jesus fram og tala til dei: "Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."
Matt. 28, 18-20

lørdag 5. desember 2015

Kvardagen i Awasa

No er det på tide med ei oppdatering om korleis det er å ha ein kvardag her i Awasa. Eg er ikkje veldig god til å ta bilder, men her kjem ein del bilder frå heile dette semesteret som viser litt korleis kvardagen her kan vere.

Ofte går straumen her og då er det berre å tenne alle stearinlys og telys ein har.

Mellom 18.30 og 19 blir det heilt mørkt, og då er det mørkt både inne og ute, spesielt når ein ikkje har straum. På grunn av at det er så varmt og mørkt kvar kveld er det vanlig å legge seg ganske tidlig her. Eg er som regel i seng mellom 21 og 22 på kvardagane, men til gjengjeld kan eg då våkne av meg sjølv i 6 halv 7 tida. For då står sola opp igjen.

Her er frå ein av dei første morgensamlingane vi hadde på DDNS. Alle elevane sit i sofaen, medan vi lærarane sit på stolar på hi sida av bordet.

Her er vi på gudstjeneste i Hogane Church, som er den Mekane Yesus kirka som ligg nærmast oss. Her går eg stortsett anna kvar søndag. Dei andre søndagane er det English Fellowship møte her på tomta.

I og med at eg bur i eit malariområde er det viktig å sove med myggnetting. Det her er frå soverommet mitt. Eg har slost ein del med myggnettingen for at den ikkje skal vikle seg inn i bein og armar.

Eg har ansvaret for gymtimane på skulen som vi har saman med tre amerikanske og to tyske elevar. Det betyr og at eg får god hjelp frå den tyske og amerikanske læreren og i gymtimane. Her held vi på med tante Knute. Det er veldig kjekt både for oss lærerane og for elevane at vi er litt fleire på skulen, dei tyske og amerikanske er óg med i friminutta og det set elevane stor pris på.

Kunst og handverk er óg saman med dei tyske og amerikanske. Her er det Therese som er med frå DDNS og den tyske læreren som har ansvaret. Eg var berre innom for å sjå kva dei dreiv på med. Musikk er óg felles for alle elevane og då har dei songe julesongar heilt sidan september, fordi dei øvar seg til julespill og julekonsert. Dei skal bl.a. synge glade jul på både tysk, norsk og engelsk. Eg er ikkje med i musikk heller, men julesangane har vi høyrt heilt opp til skulen der eg har sittet å jobba.

Her er frå eit friminutt på verandaen på skulen. Elevane har her fanga eit litt større insekt enn vanlig.

Etter siste time samlast alle elevane og vi synger ein sang før alle går heim.

Det var ei 11. klasse frå Bingham på besøk her for nokre veker sidan, og her er dei med i friminuttet og spelar baseball saman med elevane. det satte elevane stor pris på. Kjekt når ein er litt fleire som kan spele.

Kåre hadde eit prosjekt med fyrstikkesker i matematikken, og elevane synes det var veldig gøy å skulle sette opp fyrstikkeskene som domino. Det funka dessverre ikkje heilt som dei hadde tenkt denne gongen, men dei gir ikkje opp.

No er vi inne i leiligheta mi, og eg har fått kjøpt meg noko etiopisk pynt. Før dette var det ganske tomt på veggane mine. Dette kjøpte eg på basar (marked) i Addis då vi var der sist. Det er veldig typisk etiopisk der både esler og kvinner er nedlessa med varer.

Eg kjøpte óg eit speil på basaren i Addis. Eg synes det var veldig stilig etiopisk pynt rundt.

Dette maleriet er typisk for Sør-Omo og eg kjøpte det i Jinka då vi var der. Dette er laga av leire, men tradisjonelt skal det vere laga av kubæsj blanda med leire.

Dette er julepynten eg har her i tillegg til ein adventsstjerne i vindauge. Keramikken kjøpte eg på basaren i Addis, men resten hadde eg med frå Norge. Ikkje så fryktelig mykje, men nok til å lage litt julestemning iallefall.

Desse flotte skålene og kreamikken kjøpte eg óg på basaren i Addis. Veldig fint og typisk etiopisk pynt.


For ei veke sidan så lagde hushjelpa vår rødbetar. Fantastisk å få det til leverposteien. Spesielt sidan eg ikkje har så mykje anna å velge mellom av pålegg.

For to veker sidan var det Thanksgiving og då inviterte amerikanerane på Thanksgiving fest i hagen. Alle tok med litt mat kvar og amerikanerane stilte med kylling (som måtte erstatte kalkunen, pga at det ikkje fins kalkun i Etiopia), og ikkje minst pumpkin pie, som tydeligvis er essensielt for Thanksgiving. Vi var samla folk med mange nasjonalitetar. 

1. desember hadde vi juleverkstad på skulen. Her laga elevane julegaver og julekort. Det var veldig koselig å starte adventstida med å lage noko i lag.


Her er vi på skulen og elevane har nettopp åpna den 4. luka i adventskalenderen vår på skulen. Vi startar kvar dag i adventstida med å tenne adventslys, lese julenissesjokolademysteriet, synge ein julesang, be og så åpne adventskalenderen. Kalenderen er ein aktivitetskalender så kvar dag står der ein ny aktivitet som vi skal gjere i lag alle saman. I går var aktiviteten å tenge eller skrive noke fint til sin far.

Her er leiligheta mi, leilighet 2 på ferieplassen. Adventsduken og ein improvisert adventsstake er satt fram. Dette er stova mi sett frå inngongsdøra.

Dette er resten av stova mi sett frå sofaen.

Her er badet, som er andre dør frå venstre på det første bildet. Dette er heilt nyoppussa før eg kom.

Her er kjøkkenet mitt. Eg fekk hengt opp siste hylla i dag på veggen, for å få litt meir plass, både på benken og i dei andre skapa. Eg er litt spent på om den blir hengande, for den heng berre laust på nokre spiker. Men slik skal det vere her, enkelt og greit. Vannfilteret er óg greit å ha her, sjølv om vi får henta drikkevatn som allereie er filtrert i garasjen her nede, så smakar det gjerne litt betre om ein tar det igjennom filteret ein gong til. Vatnet i krana er grunnvatn og kan ikkje drikkast.

Her er andre sida av kjøkkenet mitt. Det er ikkje så veldig mykje benkplass, men det fungerar for meg. Komfyren er kombinasjon mellom straum og gasskonfyr, og gassen er grei å ha dei gongane straumen er vekke.

Det var alt for denne gong. I dag har eg og Therese vore i byen og handla, og vi har vore hos Kari og Asle på kake og popkorn før vi avslutta kvelden hos Ragnhild og Temesgen der vi såg "Jul i Blåfjell" saman med alle ungane og åt kveldsmat og såg "Hjemme alene 2" saman med Ruth og Marie. Ein veldig fin laurdag, med andre ord. Men no er klokka over 22 så det betyr leggetid her i Awasa. God natt!