mandag 23. november 2015

Addis Ababa og Born Free

Nå er eg nesten ajour med å skrive om det som har skjedd før internettet gikk her på ferieplassen. No er det tre veke sida det her skjedde så litt rart å skrive om det no. Eg var to veker i Addis òg etter eg var på tur i haustferien. Eg har allereie skrive om Cross Country run, så eg skal heller skrive om det andre eg gjorde når eg var der. Første helga eg var der var det retreat for alle misjonærane i Etiopia. Så då var alle misjonærane samla til bibeltimar, og bønnegrupper og andre sosiale aktivitetar for både barn og voksne. Vi er vel rundt 30-35 barn og voksne her på feltet. Det var veldig kjekt å få helse på alle dei eg ikkje hadde helst på før, og å få bli betre kjent med dei andre misjonærane som ikkje bur i Hawassa. Det var òg fint å få vere saman på bibeltimar og bønnegrupper for både barn og vaksne. Vi hadde òg andre sosiale aktivitetar i løpet av helga. På laurdags ettermiddag var det familiedag og vi hadde både sporløp og stafettar der vi konkurrerte mot kvarandre. Etter aktivitetane hadde vi familiemøte og basar. Sidan det verken er basar eller julemesse elles her i Etiopia var det fint å kunne arrangere ein eigen basar for oss misjonærane. Pengane vi fikk inn der gikk til evangelist i Sør-Omo som er det området som Jinka og Omorate ligg i. Mange av misjonærane var òg igjen i Addis nokre dagar etter retreaten, så då fekk vi enda meir tid til å bli betre kjent.

Her er frå aktivitetsdagen på retreaten. Både store og små er engasjert i stafettane.

Denne stafetten gikk ut på å holde ein mynt med rumpa samtidig som du balanserte eit grytelokk på hodet. Ganske morsomt for oss som såg på iallefall.

Ein komande musikar?


Etter retreaten var vi to veker til i Addis der elevane våre var på Bingham Acadamy. Det var fint å ha litt betre tid denne gongen når vi var i Addis, så då hadde vi tid til å bli litt betre kjent, òg prøve å køyre i kaoset der. Så no kan eg vegen frå gjestehuset til dei viktigaste supermarkeda i nærheita og det tyske bakeriet. Så får det andre kome etter kvart. Neste gong skal vi vere i Addis i tre veker, så då blir eg nok enda meir kjent. På den eine laurdagen vi var der var vi på basar (eller eit marked ville kanskje vi kalt det) i ein av dei evangeliske kyrkjene i byen. Her var vi òg på gudsteneste på søndagen. På basaren var det mykje fint å få tak i og eg trur ikkje eg fekk med meg alt dei selte. Men noko fekk eg med meg og det gikk nokre birr der. Eg kjøpte eit maleri, eit speil, nokre få julegåver, julepynt og keramikk. Alt handlaga i Etiopia. Veldig mykje fint der. No heng maleriet og speile på veggen min her i Hawassa. Det var gøy å gå rundt å sjå der, og fint å få noke pynt til veggen min. Eg håpar det er basar igjen der når vi skal til Addis neste gong.

Den eine fredag var vi 14 stk som reiste ut av byen til ein park som heiter Born Free. På amharisk heiter den Ensessakotteh, som betyr dyrespor. Det er ein park som tar imot forsømte eller mishandla dyr, og prøver å gjere dei klare til å kome tilbake ut i det fri, eller berre gjere det slik at dei har det bra på slutten av livet sitt dersom det ikkje er mulig. Dette var nok eit av høgdepunkta med turen for fleire av ungane. Vi såg både bavianar, løver, store skilpadder og ikkje minst gepardar, som har blitt redda frå eit dårlig liv.

Her er ein av mange lastebilar som har overfullt lass og i tillegg passasjerar på lasteplanet. Dette er på den 1 times longe vegen ut til Born Free parken.

Det var eit stort område parken låg i og vi måtte gå eit stykke før vi kom fram til dei første dyra.


Her er gjengen samla framfor bavianburet.

Dette var ein av dei første bavianane vi møtte på. Disse bavianane er slike som ikkje har muligheit til å komme ut i det fri igjen.

Her kan vi skimte eit par løver i graset. Dei rørte ikkje så mykje på seg, men dei hadde kraftige brøl.

Her er ei av dei første løvene dei fikk i parken.

 Dei er ganske så dovne disse løvene.

Dette er også ei av dei første løvene som blei tatt vare på av parken. Denne var funnen bunden fast i eit kort kjede. Manken på den var ødelagt og halskjedet har gjort at løva har blitt blind. Manken har komt tilbake etter at løva har blitt tatt vare på her i parken.

Den yngste av oss syntes nok at løvene var litt skumle, men då var det trygt og godt i pappa sine armar.

Desse dyra var nok høgdepunktet for denne turen for dei fleste av ungane. Geparden er nemleg yndlingsdyret. Dei var ikkje heilt fornøgde då dei fann ut at vi hadde gått rundt heile parken berre for å finne desse rett ved utgangspunktet.

Her er fostermor til gepardungane.
Desse gepardungane her vart funne i ei bittelita pappkasse medan noken prøvde å smugle dei ut av landet for å selge dei. Heldigvis fann politiet dei og kunne gi dei vidare til parken.

Det var og mange andre dyr i parken, men dei fekk vi ikkje lov å treffe for dei skulle lære seg til å leve i det fri slik at dei kunne sleppast ut igjen seinare. Derfor kunne dei ikkje ha noko å gjere med mennesker.

På laurdagen var eg med Trine og Kåre på ei lita utflukt der vi endte med å få ei flott utsikt over byen.

 Flott panoramautsikt, og byen er mykje større enn det vi får inntrykk av her.


Det var alt for denne gong, neste innslag blir om kvardagen i Hawassa.

onsdag 18. november 2015

Misjonsstasjonane sør-vest for Hawassa

På turen vi hadde i haustferien var vi innom tre andre misjonsstasjonar, Arba Minch, Gisma og Jinka. I Arba Minch er det ikkje lenger nokon misjonærar, så vi var berre innom på gjestehuset ei natt, og såg så vidt bibelskulen som ligg på tomta der. Skulen som NLM dreiv tidligare er gitt over til Mekane Yesus kyrkja og dei driv den sjølv. NLM har no berre eit gjestehus der som misjonærane har budd tidlegare.

Her er gjestehuset i Arba Minch, tidlegare bustad for norske misjonærar.

Her er litt av utsikta på tomta i Arba Minch.

I Jinka og Gisma er det fortsatt misjonærar som bur og jobbar. Veldig spennande å få komme innom der å besøke misjonærane. Gisma ligg i Voitu-dalen, som er ein del av the Great Rift Valley, som går gjennom store deler av nordaust-Afrika, gjennom heile Etiopia og inn i Kenya. Her er det varmt og tørt, og Gisma ligg longt i frå nokon by. Voitu-dalen ligg ein plass mellom Arba Minch og Jinka, så vi var berre innom Karen Elisabeth og Fredrik som bur der ei lita stund, på veg til Jinka. Der fikk vi middag og ein omvising på området der dei bur og jobbar. Karsan og Fredrik Hector bur der med sine tre barn, og driv med bibeloversettelse der til Tsamakko-språket. Dei held no på å gjere seg ferdig med Lukas-evangeliet. Tsamakko-folket er ein av stammane som bur i Gisma og i Voitu-dalen og dei har ei kyrkje der, men dei har ikkje Bibelen oversatt til sitt eige språk. Be for arbeidet i Gisma og for misjonærfamilien som bur der.

Her ser vi ned i Voitu-dalen, bilde er tatt i frå vegen som går bratt nedover mot dalen.

Dette er huset til nokre av naboane til dei i Gisma. Dette er under oppussing.

I Jinka bur det og to misjonærar no. Hanna, som var guiden vår til Omorate, og Elisa. Begge er danske misjonærar. Hanna jobbar på bibelskulen i Jinka som NLM har vore med å starta opp og ho har og ein del andre oppgåver ut over det. På bibelskulen er det i år berre fem elevar, men ein håpar på at det skal kome fleire seinare. Elisa er sjukepleier og jobbar på sjukehuset i Jinka. Ho jobbar for å hjelpe fødande kvinner slik at både barn og mor overlever fødselen. Blant anna har dei prøvd å få til eit ambulansesystem med motorsyklar, som kjem seg fram der bilane ikkje gjer det og som gjer at ein kan frakte fødande raskare til sjukehuset. Ein jobbar òg med å få kvinnene til å komme til sjukehuset for å føde i staden for å gjere det heime, slik som tradisjonen tilseier. Ver med å be for bibelskulen og arbeidet i Jinka.

Her er bibelskulen i Jinka. Den er nyoppstarta i år.

Vi var nokre dagar i Jinka, og her kosar vi oss med bretting og teikning. Dette endte til slutt med ein papirfly-krig.

Vi var ein tur innom markedet i Jinka og då var der ein liten gjeng frå Mursi-stammen. Dette er det folket i Etiopia der damene har store plater i leppa. Eg turte ikkje å ta fleire bilder av dei, for då måtte eg nok ha betalt. Ei av dei kom bort til meg etterpå, ho hadde ei stor hengande leppe og ei plate i handa, og det var tydelig at ho gjerne ville sette plata i leppa og bli tatt bilde av dersom ho hadde fått litt pengar. Men eg nøyde meg med dette snikbildet her.

Heldigvis har Kåre og Trine vore flinkare enn meg til å ta bilder frå desse stadene, og dei fortel litt meir på sin blogg. Sjekk derfor ut http://trineogkaareietiopia.blogg.no/ dersom du ønske å sjå meir ifrå turen.

tirsdag 17. november 2015

Omorate

Omorate ligg nesten heilt på grensa til Kenya, og vi kunne sjå fjella i Kenya frå vegen då vi nærma oss byen. Dette er den sørligaste misjonsstasjonen i Etiopia. Her har misjonen hatt arbeid i ca 20 år, og både danske og islandske misjonærar har vore fastbuande her. Misjonen har hatt fokus på Dasaanesj-stammen som bur rett utanfor Compounden til misjonen. Dette er eit stammefolk som har djupe røter i tradisjonar, som t.d. åndemaning og omskjering av jenter. Barne- og mødredødeligheita har òg vore stor i dette området, og det er ein av dei tinga som misjonen har jobba for tidlegare. Medan Marie, ein dansk misjonær og jordmor, budde og jobba der gjekk barne- og mødredødeligheita ned, men med ein gong Marie gav prosjektet over til myndigheitene her, så begynte barne- og mødredødeligheita å stige igjen. Eit anna prosjekt misjonen har hatt i område er å starte kyrkjer og å trene opp evangelistar blant Dasaanesj-folket. Det er eit vanskelig arbeid for evangelistane, fordi dersom du tar avstand frå dei viktige tradisjonane blir du ikkje rekna for ein del av folket lenger. Folka bur òg spreidd så det er vanskelig å følgje opp dei kristne som er der, og dei fleste tar avstand frå dei kristne. Mange av dei som tidlegare har vore kristne fell frå fordi det blir for vanskeleg for dei å leve som kristne. Kallie, ein tidlegare misjonær frå Island har no vore i Omorate i nesten 3 mnd. for å støtte opp under evangelistane og for å kunne bidra på dei måtane han kan. Han hadde to ungdommar med seg frå Island, og vi var der og besøkte dei medan dei var der. Ver med å be for Dasaanesj-folket og for evangelistane og kyrkjene i området der. Be om at Gud må skape endringar og opne dører inntil folket.

Kåre er utruleg flink med ungar og får seg nye venner overalt, og med kameraet framme er han iallfall populær. Her er han saman med ein gut som har mista faren, mora gifta seg på nytt, og den nye faren ville ikkje ha han lenger. Kallie og ungdommane passa på han og den døve vennen hans medan dei var der.

Dette er inne på veranda på gjestehuset vi overnatta i i Omorate. Det første vi måtte gjere var å koste og tørke støv av alle gulv og møblar. Dette er visst støvets land. Hanna har budd seks år i dette huset.

Her er vegane i Omorate. Så her må du ha god retningssans og kunne navigere etter sola og stjernene.

Her køyrer vi forbi nokre landsbyar der Dasaanesj folket bur.

Vi er på veg til Karmosia som er eit stykke frå misjonsstasjonen, der har dei ei kyrkje som vi skal besøke.

Her er vi inne i kyrkja i Karmosia.

Inne i kyrkja, Kalli er den som står til venstre.

Her har ein av evangelistane som jobbar i området komt for å møte oss.

Overalt der vi går blir vi møtt av vakre barnesmil.

Her er evangelisten saman med to av sønene sine og ein nevø.

Slik ser kyrkja ut frå utsida.

mandag 16. november 2015

Turmi

På turen vi hadde i haustferien var vi på eit Hostel i Turmi, som er på vegen mellom Jinka og Omorate. Dette er eit internat som nokre tyske misjonærar driv i byen der. Det bur omtrent 100 barn og ungdommar der frå 6 år og oppover, og dei bur der slik at dei skal ha muligheita til å gå på skule i Turmi.  Litt over 60 gutar, og litt over 30 jenter bur der. Hanna, den danske misjonæren som var guiden vår til Omorate, ville innom internatet for å vise oss det, men så viste det seg at ho måtte ordne opp i litt på internatet slik at vi måtte vere der ei stund. Det var utrulig koselig å besøke internatet, og det var veldig spesielt kor fort vi fikk kontakt med ungane og ungdommane der. Vi kunne ikkje snakke med dei, men det var tydelig at dei sette pris på at vi var der og ville bruke litt tid saman med dei. På internatet er det berre to vaksne som har ansvar for alle desse ungdommane, og det var tydeleg at dei ikkje hadde så mykje voksen kontakt. Etter å har «snakka» med ei jente på rundt 20 år i kanskje 2 minutt, så fikk eg eit armband av ho, det var utruleg koselig. Etter å ha vore der ei stund reiste vi vidare til Omorate, men på vegen tilbake igjen dagen etterpå stoppa vi igjen ved internatet. Det var ein utruleg fin velkomst då alle ungane kom springande mot bilen då vi kom. Nokon hadde lært seg namnet mitt og dagen før, så nokre av dei ropte Mari til meg når eg kom. Hanna hadde noko ho skule ordne den dagen og så vi satt over ein time saman med dei denne dagen òg. Det var ikkje mykje vi kunne kommunisere med dei denne dagen heller, men dei prøvde å lære oss nokre amhariske ord, og å telle på deira eige stammespråk. Men vi tre damene satt oss ned saman med jentene der og så fikk dei lov å flette håret vårt, medan Kåre var saman med gutane. Det var veldig koselig å få vere der saman med dei, eg skulle ønske eg budde litt nærmare slik at eg kunne besøkt dei igjen. Ver med å be for barna og ungdommane på hostellet i Turmi.

Her sit alle gutane og et middag i skyggen av huset.


Det er injerra og wott som står på menyen. Det er mykje wott som skal til for å mette 100 svoltne unga og ungdommar.

Her hentar dei drikkevatnet sitt.

Slik bur dei seks stykk på et rom, jentene og gutane på kvart sitt internat. Dei yngste bur saman med dei eldste.

Her er nokre av jentene samla rundt Hanna som inspiserer romma og snakker med sjefen og jentene.

Her flettar dei håret på kvarandre.

Utruleg skjønne jenter, veldig smilande og kontaktsøkande.

Eg fikk meg fleire nye bestevenner her. Dette er ho som eg fekk armbandet av.


Dette er inne på guteinternatet. Monge av dei sat og gjorde lekser når vi var innom.



Ny hårfrisyre.


Etter andre gongen vi var innom såg håret mitt slik ut.