torsdag 23. juni 2016

Avslutning og avskjeder

No har det dessverre gått 6 mnd sidan sist eg la ut noke her, og det har skjedd ganske mykje sidan jul, men det blir eit litt for longt innlegg å skrive om alt no, så no får de ei oppdatering om det som har skjedd dei siste vekene her.

Etter kjekke besøk frå Norge før og i påska, har eg vore 6 veker i Addis Abeba for å lære meg Amharisk. Det var veldig spennande å lære amharisk og eg vart kjent med mange flotte folk frå heile verda. Men eg klarte å lære ein del amharisk, iallefall ein del kvardagsspråk, og det er godt å kjenne at eg kan litt meir no enn då eg kom iallefall. Men utfordringa no er å bruke amharisk. Eg kan snakke litt med hushjelpa, men ellers er det fortsatt mest dei andre misjonærane eg snakkar med, og då er det som regel ikkje amharisk eg brukar. Eg håpar eg får meir nytte av språket seinare.

Ellers er det no ei tid for avskjed her i Etiopia og i misjonærfelleskapet. Noken reiser på ferie og noken reise for godt og flyttar til Danmark og Norge. Nokre har allereie reist og nokre reiser i slutten av denne veka. Så dei siste vekene har vore prega av avskjedsfestar, folk som pakkar og skal reise av gårde. Skulen vart avslutta forrige veke med grilling på ferieplassen på torsdag og avslutningstur til Langano på fredag (10. juni). Vår danske elev skal flytte til Danmark no, og med ho reiser også Therese, så til hausten blir vi berre 4 elevar og 2 lærerar igjen. Vi hadde ei fin avslutningsveke på tross av at den vart litt amputert med ein del sjukdom. Therese var sjuk med amøbe dei første dagane, ein av elevane hadde feber nokre dagar og dei siste dagane hadde Kåre lungebetennelse. Heldigvis kunne Trine steppe inn og være med når det var nødvendig, og foreldrene var også med å hjalp til. Her kjem litt bilder frå dei siste vekene.

Her er klassa mi frå språkskulen. Kjekt å bli kjent med folk frå India, USA, Tyskland, Botswana og Etiopia.

I år gikk eg glipp av 17. mai feiringa i Hawassa, men eg hadde ei fin feiring i Addis. Først flaggheising kl 7.00 på NLM tomta, og så feiring i tepausen på språkskulen med kaffi og kake, og tilslutt feiring på den norske ambassadørens residens med 17. mai tale, tog og leiker for dei barn og voksne som hadde lyst til det.

Den 28. mai feira Jeanette og Christian kobberbryllup (12,5 år), som tydeligvis er en stor ting i Danmark. Det var veldig fint å få lov å være med å feire det.

For et par veke sida var eg på tur med Nora, Therese, Moses, Darara og Elisabeth til ein flamingosjø som ligger 1,5 times kjøring frå Hawassa. På innsjen var det mange flotte rosa flamingoer.

Ein guide tok oss med ned til sjøen der vi fikk sjå litt nærmare på flamingoane og dei varme kildene som låg rett ved sjøen. Som vanlig fikk vi med oss ein flokk med unga som fulgte etter oss.


Her er eit bilde frå Langanoturen vi hadde som avlsutning på skuleåret. Dei tyske elevane var også med oss. Her har vi sandslottkonkurranse på stranda. Vi hadde óg skattejakt, grilling og masse bading. Så det vart ein veldig fin avslutningstur. 

Forrige torsdag var eg og Therese på ein siste tur ilag til nasjonalparken i Langano. Der er kanskje ikkje så mange ville dyr i Etiopia som i Kenya og andre afrikanske land, men eg syns likevel det var kult nok å sjå villsvin (Pumba) og struts som dei hadde der.


Det var veldig fint å få ein tur med Therese no før ho reiser.
VI var óg ved varme kilder her og det var veldig kult å sjå at vatnet kokte og bobla rett opp frå jorda. Her kunne ein koke egg viss ein ville det, eller anna mat, som dei ofte gjer dei som bur i området her.
På laurdag var eg og Therese heime på lunsj hos Asine og familien, slik at dei kunne ta avskjed med Therese då. Asine har vore hushjelpa til meg og Therese no det siste året. Det var veldig koselig. 
I Hawassa så har vi alltid felles lunsj kvar søndag der vi går ut på ein restaurant i byen og et lunsj der etter kirka. På søndag var vi på Tadesse Enjory og åt lunsj.

Her er avskjedskommitéen då vi kjørte med Therese til Addis no på mandag. Ho reiser tilbake til Danmark på søndag, så då er det fint å få være siste veka saman med ho her i Addis.

Så no er eg i Addis igjen, men skal reise ned til Hawassa igjen på laurdag. På søndag er Kåre 50 år så då blir det storfeiring på ferieplassen. 5. juli reiser eg på ferie, først til USA i bryllup og så til Norge. Eg gledar meg veldig til å treffe igjen familie og venner.

fredag 15. januar 2016

Pakke i posten

I dag fekk eg endeleg pakken eg har venta på. Denne pakken har brukt 1,5 måned frå Norge til Etiopia, og den forsvann ei stund mellom Amsterdam og Addis. Og så har eg ein mistanke om at den har ligget på postkontoret her nokre dagar og at dei berre ikkje har orka å leite etter den sjølv om eg har vore inneom der tre 4 gongar den siste veka og monge fleire gongar før det. Men no kom den iallefall fram og eg er veldig fornøgd med innholdet. Brunost, kaviar, leverpostei, strandamør, godteri og heimelaga strull (som eg no ideelt sett skulle hatt i jula). Kva kan vere betre enn det.

Takk mamma for at du orka å sende alt dette!

Advent, jul og nyttår i Etiopia.

No er både europeisk jul, europeisk nyttår og etiopisk jul overstått, så då er det vel på høg tid å skrive noke om korleis det har vore å feire desse høgtidene så longt heimanfrå. Grunnen til at eg skiller mellom europeisk og etiopisk er at vi feirar høgtidene på ulike tidspunkt. Som eg har skrive tidlegare var etiopisk nyttår i september, så dei har ikkje feira noko nyttår no. Det er det berre vi utlendingane som gjer. Etiopisk jul er óg på eit anna tidspunkt enn det vi feirar. Etiopisk jul er 7 januar, og blir feira med doro wet (kylling wott) og injerra. Det er kun til høgtidene etioperane kan unne seg kjøttwott, til kvardags er det grønnsakswott og linsewott dei et. Dei feira denne høgtida gjerne med familien, og så inviterar dei kvarandre heim til seg for å ete doro wet. Det kan óg nemnast at dei syns vi er litt rare som feira jul ein heil månad.

Dersom du ser vekk i frå at eg var litt longt vekke frå familien, så har eg hatt ei veldig fin jul og nyttårsfeiring. Den har vore stille og roleg og veldig koselig.
 Adventsaktivitetar på skulen.


13. desember hadde vi Luciafeiring. Då gjekk ungane luciatog, og vi åt lussekattar og andre julekaker. Så avslutta vi kvelden med julekonsert med Carola på storskjerm.

Ein av aktivitetane i adventskalenderen vår var å få lov til å pakke to av lærarane inn i dopapir. So då fikk rektor og dansklæraren prøvd seg på å vere mumie for ei lita stund.


Ein av dagane var vi, Therese, Kåre, Trine og døtrene og svigersonen deira, og eg invitert heim til hushjelpa til Trine og Kåre. Der fikk vi servert injerra og wott og kaffe og popkorn.

På bursdagen min overraska Therese meg med frokost på verandaen. Ho hadde visst berre danske flagg liggande.

Eg var nettopp våkna.

Denne fine gjengen, som akkurat var ferdig med allidretten som Kåre har starta opp her, song happy birthday til meg.

Vi har nokre fine naboar i Hawassa-sjøen. Finn tre flodhestar.

22. desember hadde vi juleavslutning på skulen. Saman med dei tyske og amerikanske hadde elevane øvd inn eit julespel og så song dei glade jul på engelsk, tysk og norsk. Veldig flott. Alle som er med i English Fellowship var invitert og heile Assembly Hall blei fylt opp. Etter julespelet song vi nokre julesongar og så var det kake til slutt.

På julafta åt vi først julegraut før det var tid for skandinavisk julegudstjeneste. Ragnhild les juleevangeliet medan ungane set fram ein og ein person i julekrybba.

Det var eit julespel denne gongen óg.

Vi hadde besøk frå ein islandsk familie som song nokre islandske julesongar for oss.

Og så var eg med heim til Ragnhild og Temesgen og jentene for å ete julemiddag og åpne julegave. Det var veldig koselig og mykje liv. Pinnekjøt og rabbe hadde dei fått frå Norge, så det vart ein ordentleg julemiddag. Veldig fint å få feire jul saman med dei.

I nyttårshelga fikk eg og Therese lov å vere med på tur til Langano med Nora og Solomon og storfamilien deira. Her er det nyttårsmiddagen som blir steikt på bålet. Grilla kjøt, grønnsaker, pølser frå Kenya og heimelaga potetstappe stod på menyen. Det var veldig godt.

Vi overnatta i Langano i tre netter og då var bading i Langano-sjøen sjølvklar, det var veldig deilig i varmen.

Her budde vi i til saman 5 telt.

Her er kjøkkenet og spisskammerset vårt.

7. januar, altså etiopisk jul, så var eg med alle danskane ut på restaurant og åt injerra og wott der. Restauranten hadde ikkje Doro wott der den dagen (kylling wott) og dette var det tre av dei meir rutinerte etiopiamisjonærane som kommenterte til servitøren vår. Korleis kunne dei ikkje ha doro wott på julafta? Denne servitøren var då så god at ho henta doro wott heime hos seg sjølv slik at vi kunne få. Ikkje tok ho betalt for det etterpå heller. Fantastisk gavmildhet, håpar berre alle som eigentleg skulle ha den wotten fekk nok.