Då har eg kome fram til Hawassa, og endelig fått begynne flytte
alle tinga mine inn i den nye leilegheita mi på ferieplassen, der eg skal bo
dei neste to åra. Det er kjekt å endeleg ha kome fram og vite at eg kunne pakke
ut av kofferten. Turen i går gikk veldig fint, og det var kjekt å sjå litt meir
av landet. Det er utruleg grønt og fint her no i regntida. Eg satt på med
Ragnhild og jentene hinna, og eg fekk òg prøvd å køyre eit stykke av vegen. Det
var min første køyretur her, så det var kjekt, sjølv om det var utfordrande og kravde
all merksemd pga alle dyreflokkar, bilar, bajaj (trehjulsdrosjer) og folk som
kryssa vegen overalt utan å eigentleg sjå seg rundt først. Mange skumle
forbikøyringar òg, men vi kom oss vel fram. Asle og Kari som bur her på tomta
tok veldig godt imot oss, med nybakte rundstykker og ein guida tur rundt på
området. Vi var òg ute på ein restaurant i byen i går kveld og åt pizza. I dag
har vi fått slappa litt av, og så var vi ute på ein anna restaurant og åt lunsj
saman med Kari, Asle og Hanna (ein dansk misjonær som er her på ferieplassen).
Det er fint og grønt her i Etiopia no!
Vi køyrde Express way eit stykke etter at vi kom ut ifrå Addis. Heilt ny og utruleg fin veg.
Vi køyrde ei karavane med fire bilar (tre av dei er med på biletet) og 15 store og små var med. Alle som bur i Hawassa, men som var i Addis denne veka køyrde ilag nedover.
Vi stoppa på Haile hotel i Swoy der vi åt lunsj på vegen.
Det er både esel g hestekjerrer som køyrer som taxi her i Etiopia. Her er vi i Swoy.
Slik såg vegen ut mesteparten av turen mellom Addis og Hawassa.
Ting er litt uvant no i starten, ikkje heilt same standarden som vi har i Norge på ting, pluss at eg har fått ei heilt nyoppussa leilegheit. Ingenting har vore testa ut på førehand. Straumen eg får er fordelt på mi, Therese og Kåre og Trine si leilegheit, og det er ikkje nok straum til alle. Det betyr at varmtvasstanken, og komfyren ikkje kan brukast på same tid, at vi kanskje ikkje kan bruke komfyrane på same tid, og at vi må vente med å bruke vasskokar, vaffeljern, hårfønar og slike ting, til dei har fått på plass ei betre ordning med straum til oss. Dusjen er òg uvant, dersom eg vil ha varmt vatn så har eg ikkje noko trykk, og det er umulig å få all sjampoen ut av håret, men viss eg tek kaldt vatn då har eg mykje trykk. Det er òg uvant å måtte sove med myggnetting. Så det er mykje eg må venne meg til, men det skal nok gå veldig bra. Elles er ferieplassen utruleg fint, og det er mykje spennande dyr og lyda rundt omkring her. Hyenen bur like utanfor tomta, so dei kan høyrast av og til, medan fuglar, apekattar, froskar, esel og mykje anna lagar lydar heile tida. Eg filma litt i går kveld for å prøve å få med alle lydane rundt her. Dessverre så var det ingen hyener her då, og kjøleskapet lagar litt støy i bakgrunnene. Kl. 19 går sola ned her, og då blir det svart med ein gong, derfor går det ikkje an å sjå noko på filmen.
I morgon er det skulestart her i Hawassa, så det blir veldig
spennande. Be gjerne for skulen her i Hawassa, både vi nye lærerane og for alle elevane. Be om at alt må gå bra og at eg kan få bety noko for dei norske og danske elevane her!