fredag 4. september 2015

Skulen har fått lisens :)

Då har vi fått bekrefta at skulen har fått lisens og godkjenning. Det betyr at vi får arbeidstillatelse gjennom skulen, og at vi får lov å bli her lenger enn visumperioden :)

Takk Gud for at han har ordna det slik! No kan vi puste letta ut alle sammen, og foreldrene kan få konsentrere seg om misjonsarbeidet. Det er no derfor vi er her :)

I helga får eg og Therese lov å vere med den danske familien her til Langano. Det er ein fin innsjø der vi kan bade og slappa av, og den ligg visst i eit flott område. Det blir deilig å komme dit og slappe av ei helg, og kjekt å få sjå litt meir av landet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar