tirsdag 8. desember 2015

Fleire glimt frå kvardagen

Her er vi rett utanfor porten inn til ferieplassen. Vi ser utover Hawassa-sjøen. Her er det alltid dyr som går og beiter og som nyt godt av vatnet i sjøen.

Like bortanfor ligg fiskemarkedet, her er det alltid folk tidlig på morgenen og utover dagen. Vi ser ofte gutar som står på små flåter rett utanfor ferieplassen, som står og fiskar.

Her er på vegen forbi fiskemarkedet. Bajajer, geiter, kuer, fugler og folk er alltid samla her.

Denne fuglen er det monge som kjenne, kanskje ikkje i virkeligheita, men iallefall frå bilde på Freia-sjokoladen. Marabo-storken. Den er ikkje fin, så kvifor noken vil putte den på en sjokolade, det forstår eg ikkje heilt. Iallefall kryr det av disse fuglane rundt oss og fiskemarkedet.

Her er vegen forbi fiskemarkedet og mot sentrum av Awasa.

Kari tok oss med på ein gåtur langs promendaen ved Hawassa-sjøen, og der var det virkelig koselig å gå. Fin allé mellom trea, oglenger borte låg det mange små kaféar der ein kan kjøpe kaffe.

I byen er det veldig mange slike bajajar, det er som regel ein overvekt av bajajar midt i byen, og det er ikkje alltid så lett å vite kva dei kjem til å gjere. Så når ein køyre rundt her er det berre å vere klar med fløyta og tute, dersom ein skulle finne på å skulle køyre ut rett framfor deg utan å sjå seg i speilet først. Og blinklysa kan ein ikkje stole på, sjølv om dei blinkar til venstre betyr ikkje det at dei skal svinge til venstre, det kan like gjerne bety at du kan køyre forbi på venstresida eller berre at dei har gløymt å skru det av. Det er óg ganske fasinerande korleis dei fraktar med seg ting. Som den bajaja rett framfor meg på bildet som har med seg ei madrass. Den har ikkje plass inne, og dei har heller ikkje noko tau å feste den med, så då er det så klart berre å holde fast i den slik at den ikkje sklir av.

Her er volleyballbana vår inne på ferieplassen. Her har vi brukt å spele volleyball nokon av misjonærane saman med nokon av studentane på Tabor, kvar onsdag. No har vi avslutta fordi eg og Nora tenkjer å starte opp eit damelag på Tabor i staden på onsdagar. Vi har første treninga i morgon, så det blir veldig spennande. Det skal vere heilt for nybegynnera og kun for jenter. Grunnen til det er at guttane ofte er litt dominerande på bana og slepp ikkje alltid jentene til. Dei har óg ein litt anna måte å spele på enn det eg er vant med, så eg lure litt på korleis det blir å trene eit lag her. Forhåpentligvis blir det ikkje alt for mykje kommunikasjonsproblem, men noko må eg nok regne med. Be gjerne om at det skal gå bra, og at vi må få til gøye treningar saman med studentane på Tabor.

Disse krabatane er stortsett faste innslag i løpet av dagen. Det er gjerne mange av dei og dei er overalt.

Dersom ein har noko ståande utanfor verandaen får dei iallefall ikkje stå i fred og ro, for apane leikar med det som er. Det hang eit stort stretsj-laken ute til tørk ein dag, og det brukte apane så klart til å svinge seg i, ei fin hengekøye for dei. Det var eigaren ikkje så veldig glad for. Viss du gløymer å lukke døra til verandaen, eller har vindauget litt ope, risikerer du å miste all frukt eller brød som måtte ligge der for apane er veldig raskt inne og stjel. Det er ikkje så festlig.

Dersom dokke ser godt etter så ser dokke ein del apar som er samla i bakken her.

Her er eg inne på skulen, og det er her eg sit å forberedar meg til undervisning. 

På morgonen er det ofte litt kaldt, eller i hvert fall kaldare enn vanlig, og då vil gjerne elevane sitte ute i sola og ete nista si, i staden for å sitte å fryse inne på verandaen der vi vanlegvis sit og et.

Her er nokre bilder frå gymmen saman med dei tyske og amerikanske. Vi held på med ballongleiken der ein skal prøve å sprekke dei andre sine ballongar før din eigen sprekk. Eg trur at det berre var ein av ballongane som sprakk fordi nokon andre klarte å sprekke den. Dei andre sprakk enten fordi dei trakka på sin eigen eller fordi plattingen under er så ru, at den sprakk ballongen. Så det var ikkje eit veldig vellykka prosjekt, men eg trur elevane hadde det gøy likevel.

Her har elevane sprunge 50 meter og ventar spent på å få høyre kor raskt dei har sprunge.

Enda eit bilde frå då vi holdt på med tante Knute.

Kvar gong nokon har bursdag, feirar vi dei litt på skulen óg ved å avslutte ti minutt før friminuttet og så ete kake, og så får bursdagsbarnet velge ein leik som alle må vere med på.


Her er frå ein annan bursdag på skulen.

Denne strekninga går vi ganske ofte, og elevane går her kvar dag, fram og tilbake frå skulen. Dette er strekninga mellom oss og Tabor, der dei andre misjonærane bur. Så dersom vi skal besøke dei er det her vi går. Her er det som regel ingen vind, kjempetørt, og steikande sol. Så eg vil tippe at det er nærmare 40 grader på den varmaste tida av dagen. Støvet legg seg overalt på kroppen, og det at Jesus vaska beina til disiplane gir meir meining her enn det gjorde i Norge. Her er beinvask nødvendig.

Her på verandaen min, i skyggen, ligg temperaturen på rundt 28 grader midt på dagen, og i sola er det nok over 30 grader. Så det er ganske varmt, det kjenner vi når eg har gym med dei to eldste i siste timen på tirsdagen, då sola steiker som mest.

Nå nærma det seg jul, og vi har allreie komt over 2. søndag i advent. Men det er ikkje så mykje her som minnar om advent og jul, vi skandinaviske har fått opp litt julepynt i husa våre, men ellers er det lite julestemning i byen. Det blir iallefall inga kvit jul på meg i år. Men eg har med meg Jul i Blåfjell, så då får eg sett snøen på skjermen, om ikkje anna.

Så veit eg at eg treng å bli minna på kva advent og jul eigentleg handlar om, og kven vi ventar på:

Men engelen sa til henne:
"Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.
Luk 2, 30-33

Med det vil eg ønske alle ei god adventstid!

2 kommentarer:

  1. Jammen får vi vite mykje gjennom det du skriv. Takk Mari.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Det er kjekt å skrive når nokon les.

      Slett