Nå er eg nesten ajour med å skrive om det som har skjedd før internettet gikk her på ferieplassen. No er det tre veke sida det her skjedde så litt rart å skrive om det no. Eg var to veker i Addis òg etter eg var på tur i haustferien. Eg har allereie skrive om Cross Country run, så eg skal heller skrive om det andre eg gjorde når eg var der. Første helga eg var der var det retreat for alle misjonærane i Etiopia. Så då var alle misjonærane samla til bibeltimar, og bønnegrupper og andre sosiale aktivitetar for både barn og voksne. Vi er vel rundt 30-35 barn og voksne her på feltet. Det var veldig kjekt å få helse på alle dei eg ikkje hadde helst på før, og å
få bli betre kjent med dei andre misjonærane som ikkje bur i Hawassa. Det var
òg fint å få vere saman på bibeltimar og bønnegrupper for både barn og vaksne.
Vi hadde òg andre sosiale aktivitetar i løpet av helga. På laurdags ettermiddag
var det familiedag og vi hadde både sporløp og stafettar der vi konkurrerte mot
kvarandre. Etter aktivitetane hadde vi familiemøte og basar. Sidan det verken er
basar eller julemesse elles her i Etiopia var det fint å kunne arrangere ein
eigen basar for oss misjonærane. Pengane vi fikk inn der gikk til evangelist i
Sør-Omo som er det området som Jinka og Omorate ligg i. Mange av misjonærane
var òg igjen i Addis nokre dagar etter retreaten, så då fekk vi enda meir tid
til å bli betre kjent.
Her er frå aktivitetsdagen på retreaten. Både store og små er engasjert i stafettane.
Denne stafetten gikk ut på å holde ein mynt med rumpa samtidig som du balanserte eit grytelokk på hodet. Ganske morsomt for oss som såg på iallefall.
Ein komande musikar?
Etter retreaten var vi to veker til i Addis der elevane våre var på Bingham Acadamy. Det var fint å ha litt betre tid denne gongen når vi var i Addis, så då hadde vi tid til å bli litt betre kjent, òg prøve å køyre i kaoset der. Så no kan eg vegen frå gjestehuset til dei viktigaste supermarkeda i nærheita og det tyske bakeriet. Så får det andre kome etter kvart. Neste gong skal vi vere i Addis i tre veker, så då blir eg nok enda meir kjent. På den eine laurdagen vi var der var vi på basar (eller eit marked ville kanskje vi kalt det) i ein av dei evangeliske kyrkjene i byen. Her var vi òg på gudsteneste på søndagen. På basaren var det mykje fint å få tak i og eg trur ikkje eg fekk med meg alt dei selte. Men noko fekk eg med meg og det gikk nokre birr der. Eg kjøpte eit maleri, eit speil, nokre få julegåver, julepynt og keramikk. Alt handlaga i Etiopia. Veldig mykje fint der. No heng maleriet og speile på veggen min her i Hawassa. Det var gøy å gå rundt å sjå der, og fint å få noke pynt til veggen min. Eg håpar det er basar igjen der når vi skal til Addis neste gong.
Den eine fredag var vi 14 stk som reiste ut av byen til ein park som heiter Born Free. På amharisk heiter den Ensessakotteh, som betyr dyrespor. Det er ein park som tar imot forsømte eller mishandla dyr, og prøver å gjere dei klare til å kome tilbake ut i det fri, eller berre gjere det slik at dei har det bra på slutten av livet sitt dersom det ikkje er mulig. Dette var nok eit av høgdepunkta med turen for fleire av ungane. Vi såg både bavianar, løver, store skilpadder og ikkje minst gepardar, som har blitt redda frå eit dårlig liv.
Her er ein av mange lastebilar som har overfullt lass og i tillegg passasjerar på lasteplanet. Dette er på den 1 times longe vegen ut til Born Free parken.
Det var eit stort område parken låg i og vi måtte gå eit stykke før vi kom fram til dei første dyra.
Her er gjengen samla framfor bavianburet.
Dette var ein av dei første bavianane vi møtte på. Disse bavianane er slike som ikkje har muligheit til å komme ut i det fri igjen.
Her kan vi skimte eit par løver i graset. Dei rørte ikkje så mykje på seg, men dei hadde kraftige brøl.
Her er ei av dei første løvene dei fikk i parken.
Dei er ganske så dovne disse løvene.
Dette er også ei av dei første løvene som blei tatt vare på av parken. Denne var funnen bunden fast i eit kort kjede. Manken på den var ødelagt og halskjedet har gjort at løva har blitt blind. Manken har komt tilbake etter at løva har blitt tatt vare på her i parken.
Den yngste av oss syntes nok at løvene var litt skumle, men då var det trygt og godt i pappa sine armar.
Desse dyra var nok høgdepunktet for denne turen for dei fleste av ungane. Geparden er nemleg yndlingsdyret. Dei var ikkje heilt fornøgde då dei fann ut at vi hadde gått rundt heile parken berre for å finne desse rett ved utgangspunktet.
Her er fostermor til gepardungane.
Desse gepardungane her vart funne i ei bittelita pappkasse medan noken prøvde å smugle dei ut av landet for å selge dei. Heldigvis fann politiet dei og kunne gi dei vidare til parken.
Det var og mange andre dyr i parken, men dei fekk vi ikkje lov å treffe for dei skulle lære seg til å leve i det fri slik at dei kunne sleppast ut igjen seinare. Derfor kunne dei ikkje ha noko å gjere med mennesker.
Flott panoramautsikt, og byen er mykje større enn det vi får inntrykk av her.
Det var alt for denne gong, neste innslag blir om kvardagen i Hawassa.