mandag 16. november 2015

Turmi

På turen vi hadde i haustferien var vi på eit Hostel i Turmi, som er på vegen mellom Jinka og Omorate. Dette er eit internat som nokre tyske misjonærar driv i byen der. Det bur omtrent 100 barn og ungdommar der frå 6 år og oppover, og dei bur der slik at dei skal ha muligheita til å gå på skule i Turmi.  Litt over 60 gutar, og litt over 30 jenter bur der. Hanna, den danske misjonæren som var guiden vår til Omorate, ville innom internatet for å vise oss det, men så viste det seg at ho måtte ordne opp i litt på internatet slik at vi måtte vere der ei stund. Det var utrulig koselig å besøke internatet, og det var veldig spesielt kor fort vi fikk kontakt med ungane og ungdommane der. Vi kunne ikkje snakke med dei, men det var tydelig at dei sette pris på at vi var der og ville bruke litt tid saman med dei. På internatet er det berre to vaksne som har ansvar for alle desse ungdommane, og det var tydeleg at dei ikkje hadde så mykje voksen kontakt. Etter å har «snakka» med ei jente på rundt 20 år i kanskje 2 minutt, så fikk eg eit armband av ho, det var utruleg koselig. Etter å ha vore der ei stund reiste vi vidare til Omorate, men på vegen tilbake igjen dagen etterpå stoppa vi igjen ved internatet. Det var ein utruleg fin velkomst då alle ungane kom springande mot bilen då vi kom. Nokon hadde lært seg namnet mitt og dagen før, så nokre av dei ropte Mari til meg når eg kom. Hanna hadde noko ho skule ordne den dagen og så vi satt over ein time saman med dei denne dagen òg. Det var ikkje mykje vi kunne kommunisere med dei denne dagen heller, men dei prøvde å lære oss nokre amhariske ord, og å telle på deira eige stammespråk. Men vi tre damene satt oss ned saman med jentene der og så fikk dei lov å flette håret vårt, medan Kåre var saman med gutane. Det var veldig koselig å få vere der saman med dei, eg skulle ønske eg budde litt nærmare slik at eg kunne besøkt dei igjen. Ver med å be for barna og ungdommane på hostellet i Turmi.

Her sit alle gutane og et middag i skyggen av huset.


Det er injerra og wott som står på menyen. Det er mykje wott som skal til for å mette 100 svoltne unga og ungdommar.

Her hentar dei drikkevatnet sitt.

Slik bur dei seks stykk på et rom, jentene og gutane på kvart sitt internat. Dei yngste bur saman med dei eldste.

Her er nokre av jentene samla rundt Hanna som inspiserer romma og snakker med sjefen og jentene.

Her flettar dei håret på kvarandre.

Utruleg skjønne jenter, veldig smilande og kontaktsøkande.

Eg fikk meg fleire nye bestevenner her. Dette er ho som eg fekk armbandet av.


Dette er inne på guteinternatet. Monge av dei sat og gjorde lekser når vi var innom.



Ny hårfrisyre.


Etter andre gongen vi var innom såg håret mitt slik ut.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar