søndag 15. november 2015

Cross Country Run på Bingham

Då har eg endelig fått internett på ferieplassen igjen. Eg kom tilbake frå Addis forrige laurdag og har komt igang med kvardagen igjen her i Hawassa. Pga at dei driv å legg om straumen på ferieplassen har vi vore utan internett her heile veka, men no ser det til å gå bedre, no har vi iallfall internett på kvelden. Vi har hatt ein del trøbbel med straumen, og har ikkje kunna brukt steikeovnen så mykje, og iallefall ikkje varmtvannstanken, kjøleskapet og ovnen på ein gong. Vi var óg utan vatn her på torsdagen, men det kom heldigvis tilbake på fredag. Det var pga av at pumpa som tar opp vatn til vasstankane også var utan straum. Men no håper vi at det snart kjem tilbake til normalen, og kanskje også blir enda bedre, vi får sjå når dei blir ferdige med straumledningane.

Siste onsdagen medan vi var i Addis hadde dei Cross Country løp på den internasjonale skulen som våre elevar er på nokre veker i året. Dei er der for å få eit litt større miljø enn det vi har her i Hawassa, og for å få prøve korleis det er å gå i ei større klasse. Alle våre elevar deltok i Cross Country løpet og dei gjorde det veldig bra. Den yngste på fire år sprong 500 meter, dei tre frå 5-8 år sprong 1 km og dei to eldste på 10 sprong 2 km. Alle gjorde det veldig bra, ein 8 plass, to 5 plassar og to medaljar, det var ca 25 i kvar gruppe. Veldig kjekt å få vere med å heie på dei. Her er litt bilder frå løpet.

Her kjem alle våre på oppløpssida. 







Heiagjengen er på plass!


Dei to medaljevinnarane 2. og 3. plass.

Bingham er delt inn i tre lag i sånne anledninga, ditte er Scott-laget som alle våre fem eleva i Hawassa er med i. Då konkurrera dei ikkje berre individuelt, men det beste laget får ein stor pokal. I år var det Scott som vann! God innsats frå alle våre elevar, men dessverre trur eg ikkje gymlæreren kan ta noko av æra for det.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar