Etter vi hadde vore på skogstur åt vi lunsj på det dyraste hotellet i byen Paradise Lodge, før vi for vidare for å besøke krokodillene, pelikanane og flodhestane som bur i sjøen der, Lake Chamo.
Fantastisk fin panoramautsikt frå Paradise lodge. Etiopia er vakkert!
Deilig å ete lunsj etter nokre timar i skogen. Her er Therese, Trine og Kåre.
Det var deilig med båttur, heldigvis var det presenning over båten slik at vi fikk ly for den steikande sola.
Her ser du to flodhesta stikke haude opp av vatnet. Dette var på veg ut til krokodillene. Etterpå såg vi rundt 10-12 fleire flodhesta som låg og slappa av i vatnet der. Heldigvis er det på kvelden/natta dei er mest farlige.
For dei med godt syn så ser dokke her to krokodillegap i det fjerne. Krokodillene lever naturlig i sjøen her, og her får dei rensa tennene sine av fugla som ete restane som ligg igjen der.
Her nærma vi oss der det var flest krokodiller. Du ser kanskje at der ligge monge svarte "tømmerstokka" ute i vatnet. Vel, eg kan fortelle deg at det ikkje er tømmerstokka, men krokodille. Eg klarte ikkje å telle kor monge det var vi møtte på, men det var monge. Det kvite du ser til venstre er pelikanar. Som tydeligvis ikkje er så veldig redde krokodillene, sjølv om dei svømme midt i mellom der.
Fleire av krokodillene kom veldig nærme båten (i nokre tilfelle litt vel nærme). Her ser du ei krokodille som eg sikkert kunne ha klappa dersom eg hadde følt for å gjere det. På dagtid ligger dei berre i sjøen og slappar av, og kjøler seg ned, så vi såg ikkje så veldig mykje av dei egentlig. Her og der kunne vi sjå ein hale eller eit haud som låg litt inne på land, for så å gli ut i vatnet igjen, men eller var det her det meste vi såg av dei. Men ei av krokodillen kom imot båten og så krasja ho med oss. Guiden meinte den ikkje hadde sett oss, men vi lure på om ho kan ha gjort det med vilje. Eg var iallefall litt redd for at den no skulle tippe oss over ende. Den krasja med oss og så svømte den og kava under båten, slik at båten vår for i ein sirkel, og den skubba oss ganske longt, før den klarte å komme seg ut igjen på andre sida. Litt vel nærme, sjølv om guiden vår meinte at krokodillene ikkje åt turista.
Her er pelikanane óg på nært hold. Her er det ein som har klart å fange ein fisk i nebbet.
Som sagt så var det Meskelfeiring i Etiopia, som er ein stor etiopisk ortodoks helligdag, nemlig at Dronning Saba fann Jesu sanne kors. Vi hadde lyst til å sjå litt nærmare på korleis dei feira denne store dagen. Historia fortel om at dronning bad til Gud om hjelp til å finne korset, og så fikk ho beskjed om å tenne eit bål, og dit røyken blåste dit skulle ho gå og så skulle ho finne korset. Derfor når dei feirar Meskel så tenner dei bål, og så heiter det at dit røyken bles skal det komme velsignelse. På søndagskvelden spurte vi oss lit fram om kor feiringa skulle være, og så fulgte vi folkemengda inn til ein plass der det var samla monge folk. Nesten alle hadde med seg ei grein til det store bålet. Alle damene var kledd i kvite sjal, og fine kjola, så derfor følte vi oss litt misplassert der vi kom i turkleda våre. I tillegg så vart alle ungane opptatt av oss i staden for feiringa, så etter at ein av vaktane kom for å passe på oss, og jage vekk ungane, følte vi at det egentlig var best at vi gikk. Så vi fikk ikkje med oss så veldig mykje av feiringa, men det var no kjekt å sjå likevel.
På mandagen var det tilbake til Hawassa, og tirsdag var det ein ny dag på skulen. Men det var alt for dinne gong.
Eg vil fortsatt anbefale alle å lese Kåre og Trine sin blogg, der er det ein god del fleire, og bedre, bilde enn det eg har: trineogkaareietiopia.blogg.no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar