Forrige helg hadde vi longhelg, fordi det var Meskel på mandag den 28. september. Då feira dei at den etiopiske dronninga fann biter av Jesu kors - "the finding of the true cross". Eg skal skrive meir om feiringa seinare. Iallefall så ville vi bruke longhelga til å utforske litt meir av Etiopia. Så derfor bestemte vi oss for å besøke Arba Minch og sjå kva den byen hadde å by på. Så då reiste Trine, Kåre, Therese og eg (alle ferskingane) til Arba Minch på fredagen etter skulen, og vi rakk akkurat å finne oss eit ledig hotell før det blei mørkt. Vi hadde nokre veldig fine dagar i der, vi fekk både sett krokodiller i sitt rette element, og vore på besøk til Forty springs, som er stedet der Arba Minch har navnet sitt i frå. Arba Minch betyr nemlig førti kilder, på amharisk. Vi var også å besøkte ein landsby, Dorze, ca 40 km nord for Arba Minch, dette hadde vi fått anbefalt både frå ein dansk misjonær som var på besøk i Hawassa, og frå dei som jobba på hotellet. Så det måtte vi sjekke ut. Dette var veldig spennande.
Deilig å sitte på kanten av restauranten på hotellet og sjå på utsikta når vi sitte å ete frukost.
Her er vi i Dorze. Vi blei geleida rundt av ein lokal guide, og vi fikk besøke ein familie som budde der. Her snakka dei eit anna språk enn amharisk, eg huska ikkje kva det heiter, men det var Dorze-folket sitt stammespråk.
Mor (eller kanskje det var bestemor) i huset, satt å spann tråd, og vi fikk prøve oss. Det var ikkje så lett som det såg ut som når ho gjorde det. Og dei bruka ikkje akkurat en rokk heller.
Mens damene spinna tråden, var det mennene si oppgåve å veve. Dette var ein spesialitet for Dorze-folket, og dei vevde sjal og tepper, og sikkert andre ting óg. Kåre fikk prøve å veve, men det var visst ikkje så lett det heller.
I alle "hagane" i Dorze var det falske bananplantar. Falske fordi dei ser ut som bananplanten, men det vokser ikkje bananar på dei. Men sjølv om dei ikkje gav bananar var disse likevel veldig viktige for den daglege kosten i Dorze. Dei plukkar av barken på trea, og tar bort alt "kjøttet" frå innsida av barken. Dette graver dei ned og så etter 3 mnd. eller meir så tar dei det opp igjen, og det er klart til å steikast og etast.
Her har ho tatt fram noke falsk banan som hadde lege i jorda i i hvertfall 3 mnd. Dette skulle vi få smake på. Først kutta ho det opp slik at det ikkje skulle vere nokon slintrar igjen i det, og så lagde ho ei lefse av det, og steikte det på bålet, mellom to store blader. Ikkje det beste eg har smakt, men når den vart servert med fersk lokal honning, så var det ikkje så aller værst likevel.
Etter vi hadde smakt på falsk banan-lefsa, så fekk vi også servert ein eller anna sterk drikk (sprit), dette var det ein seremoni rundt, og så var det berre å tømme shotteglaset. Så var det tid for musikk og dans på ekte Dorze-vis. Dei fant fram tromma, og kledde oss damene opp i kvite sjal rundt livet, og Kåre fekk et skjerf i svart, gult og kvitt. Så sang og dansa vi alle sammen til rytmene. Veldig artig. Etterpå måtte vi så klart kjøpe nokre av dei flotte sjala som dei hadde der.
Langs vegen ned frå Dorze var det mange som stod å solgte sine tepper og sjal.
Fantastisk fin utsikt var det óg i området.
Kåre har skrive meir omsjølve turen frå Hawassa til Arba Minch, så sjekk gjerne ut den bloggen, viss du er interessert i meir info om turen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar